Skriftleg spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1802 (2018-2019)
Innlevert: 07.06.2019
Sendt: 07.06.2019
Svart på: 17.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Har statsråden kommunisert dette riktig, og om så er tilfelle, ser ministeren ingen betenkeligheter ved at pengene ikke følger ressursbehovet, men er helt avhengig av hvor mange ansatte som velger å få fylkeskommunen som ny arbeidsgiver?

Grunngiving

Spørsmålet gjelder overføringen av administrasjonen av fylkesveier til fylkene, som statsråden omtalte som en av de største offentlige reformer, da Stortinget behandlet Prop. 79 L (2018-2019). Statsråden sa da at det allerede er avklart at fylkeskommunen får økt rammeoverføring direkte knyttet til hvor mange ansatte i fylkesvegadministrasjonen som går fra statlig til fylkeskommunal arbeidsgiver.
Det ser ut som om hvis fylkesveiadministrasjonen i et fylke i dag og i framtida krever eksempelvis 200 årsverk, vil fylkeskommunen få en økt rammeoverføring som dekker lønnsutgiftene per ansatt som fortsetter jobben med fylkeskommunen som ny arbeidsgiver. Det virker som at dersom 100 ansatte skifter arbeidsgiver til fylkeskommunen, vil fylkeskommunen få en økt rammeoverføring tilsvarende lønna til 100 ansatte. Det må betyr at om fylkeskommunen må ansette 100 nye i tillegg, får den ikke økt den økonomiske ramma tilsvarende. Men om alle 200 skifter over fra Statens vegvesen til fylkeskommunen som ny arbeidsgiver, vil rammeoverføringa fordobles, i forhold til om 100 skifter jobb.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen har løyst oppgåver knytta til riksvegane og fylkesvegane samordna, det er derfor ein omfattande prosess å gjennomføra ei slik omorganisering. Svært mange i Statens vegvesen har arbeidd med oppgåver på både fylkesveg og riksveg. Om lag 4 000 tilsette i Statens vegvesen utfører i større eller mindre grad oppgåver knytta til fylkesvegane. Om lag like mange utfører arbeid knytta til riksvegane.

Ovannemnte har som konsekvens at berre eit fåtal tilsette i Statens vegvesen har hatt oppgåver på fylkesvegane på ein slik måte at dei vil vera direkte omfatta av reglane som gjeld for verksemdsoverdraging etter reglane i arbeidsmiljølova, kapittel 16. Overslag gjort av Statens vegvesen viser at det vert nytta om lag 1850 årsverk til å utføra oppgåver på fylkesvegane innanfor sams vegadministrasjon i 2018. Overføringsreforma av fylkesvegadministrasjonen er derfor både samansett og særeigen. Samanvevinga gjeld og sams innkjøpskontraktar, sams driftsmidlar, sams lokasjonar m.m. Det er med andre ord eit komplisert arbeid å gjennomføra flytting av oppgåver til fylkeskommunane.

Regjeringa har lagt vekt på at fylkeskommunane skal ha stor handlefridom i organisering av oppgåvene som vert overførte frå Statens vegvesen. Det er likevel og lagt vekt på at reforma gjeld mange tilsette i Statens vegvesen som etter gjeldande rett ikkje har lovregulert rett til å følgja oppgåvene over til ein fylkeskommune. Omsynet til dei tilsette er viktig for regjeringa.

Overføring av tilsette frå Statens vegvesen til fylkeskommunane skal søkjast løyst gjennom dialog og avtale. Avtalane må sikra formålstenleg overføring av personell med utgagnspunkt i fylkeskommunale behov og omsynet til dei tilsette som det gjeld. Det er viktig for regjeringa at fylkeskommunane tek over tilsette som har kompetanse til å løysa oppgåver knytta til fylkesvegane frå reforma tek til å gjelda. Departementet viser elles til framstillinga i Meld. St. 6 (2018 – 2019) og Prop. 79 L (2018-2019) kapittel 6.2 og særleg vurderingane i kapittel 6.2.4.

Statens vegvesen samarbeider nært med fylkeskommunane om å gjennomføra reforma. Så langt eg kjenner til er samarbeidet godt, og arbeidet i rute med sikte på overføring av oppgåvene til dei nye fylkeskommunane frå 2020. Alle signal som er mottekne til no er at fylkeskommunane har eit stort behov for tilsette frå Statens vegvesen, og dei tilsette i Statens vegvesen viser stor interesse for stillingane i fylkeskommunane. Regjeringa arbeider for at overføringa skal bli så god som mogleg, der både behova til fylkeskommunane og dei tilsette i Statens vegvesen blir tatt hand om. Regjeringa kjem tilbake til Stortinget om arbeidet med gjennomføring av reforma i statsbudsjettframlegget for 2020.