Skriftleg spørsmål fra Siv Mossleth (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1806 (2018-2019)
Innlevert: 07.06.2019
Sendt: 07.06.2019
Svart på: 13.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Siv Mossleth (Sp)

Spørsmål

Siv Mossleth (Sp): Bekymrer det ikke ministeren at denne regjeringen bygger ned et distribusjonstilbud som har fungert over hele landet, med det resultat at vi får stadig større geografiske ulikheter, og hvilke reaksjoner settes inn ovenfor Posten når den ikke leverer som lovet?

Grunngiving

Posten Norge AS garanterte at en svært viktig, liten pakke kunne sendes som ekspresspakke over natten mellom Oslo og Bodø. Garantien var at pakken skulle være framme neste morgen, selv om det var lørdag. Pakken kostet over 1000 kroner å sende, men den kom ikke fram før mandag, til tross for postens garantier. Selv om det er lengre fra Oslo til Drammen enn fra Oslo til Bodø, bør det være mulig å levere over natta. Jeg minner statsråden på at det ikke er lenge siden A-posten gikk greit over natta mellom Oslo og Bodø by, om den var innlevert i tide.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Regjeringa sitt mål for posttilbodet er å sikre eit godt og likeverdig posttilbod over heile landet, tilpassa den endra etterspurnaden etter posttenester. Dette målet blir oppnådd blant anna gjennom å stille krav til dei leveringspliktige posttenestene i postlov, postforskrift og konsesjon.

Brevvolumet har falle med om lag 65 prosent sidan 1999, og er forventa å falle med nye 60 prosent mellom 2018 og 2025. Bakgrunnen for dette er ikkje eit politisk ønske om å bygge ned posttilbodet, men at folk brukar e-post, nettbank og andre digitale løysingar i staden for brevpost. Resultatet er uansett at inntektene stuper, medan kostnadane for distribusjon i stor grad ligg fast. Då er det nødvendig å tilpasse krava til distribusjonen, og det har Stortinget lagt til rette for ved handsaminga av Prop. 102 L (2018-2019) Endringer i postloven (antall omdelingsdager).

Eg vil elles få påpeike at Posten Norge AS (Posten) leverer jamt over god kvalitet både på dei leveringspliktige posttenestene og på tenester selskapet leverer på kommersiell basis.

Pakkar sendt ekspress over natta er avhengig av flytransport når dei går mellom Oslo og Bodø. Garantien Posten gir til avsendar, er derfor gitt ut frå at dette tidsmessig lar seg gjere dersom alle ledd i logistikken fungerer normalt. I tilfelle der avstandane er lange, finst det ofte ikkje alternativ transport når det skjer avvik, og det oppstår difor forseinkingar. Avvik kan og vil skje for einskilde sendingar og i slike tilfelle vil avsendar kunne ha rett på erstatning frå Posten. Dette er eit forhold mellom avsendar og Posten.

Når det gjeld krava til dei leveringspliktige brev- og pakkesendingane blir det sett krav til framsendingstid i Posten sin konsesjon. Posten rapporterer framsendingstida til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). Målingane er utførte i samsvar med europeiske standardar og blir gjort av ein ekstern måleoperatør som sender om lag 80 000 testbrev årleg. I tilfelle der framsendingstida ikkje har vore i samsvar med krava, har Nkom tidlegare fatta vedtak om tvangsmulkt overfor Posten.