Skriftleg spørsmål fra Arne Nævra (SV) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1812 (2018-2019)
Innlevert: 07.06.2019
Sendt: 11.06.2019
Svart på: 17.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Arne Nævra (SV)

Spørsmål

Arne Nævra (SV): I Hordaland fylkeskommunes statusrapport om Prosjekt innfartsparkering står det: «Det har vore fleire møter mellom Bergen kommune / BaneNOR / Hordaland fylkeskommune for mellom anna å få eit framtidig parkeringshus inn i reguleringsplanane for Indre Arna sentrum. Oppgåva er prioritert».
Kan statsråden opplyse om status for dette prosjektet og når et sterkt, lokalt behov for innfartsparkering er løst?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Bane NOR opplyser at det er regulert inn eit parkeringshus i områdeplanen som blei vedtatt i 2014, og at Bane NOR sitt prosjekt for utbygging av dobbeltsporet Arna-Fløen disponerer dette arealet, som kan frigjerast tidlegast i 2022.
Bane NOR skal drive verksemda etter forretningsmessige prinsipp, og har difor laga ein parkeringsstrategi som gir føretaket inntekter som kan nyttast til å drifte parkeringane og forbetre tilbodet ved stasjonane. Bane NOR estimerer at frekvensaukinga muliggjort av dobbeltsporet mellom Arna og Fløen, vil gje auka etterspørsel etter parkeringsplassar i Arna.
Betalingsnivået for innfartsparkering i området er i dag ikkje tilstrekkeleg til å finansiere eit parkeringshus, men Bane NOR vil ved auka etterspørsel etter parkeringskapasitet vurdere å byggje andre og meir kostbare løysingar enn flateparkering dersom betalingsvilja til brukarane er til stade.