Skriftleg spørsmål fra Eirik Sivertsen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1817 (2018-2019)
Innlevert: 07.06.2019
Sendt: 11.06.2019
Svart på: 17.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Eirik Sivertsen (A)

Spørsmål

Eirik Sivertsen (A): Siden regjeringen tiltrådte har det vært lovet et testsenter for oljevern lokalisert i Lofoten og Vesterålen. Foreløpig er det kommet noen få stillinger i Svolvær og ingen etablering på Fiskebøl.
Når vil senteret være ferdig, hvor mye har utredningene kostet så langt og med de ambisjonene regjeringene har for senteret hvor mange arbeidsplasser anslår en at det vil bli?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: På kun eit år har senter for oljevern og marint miljø blitt etablert i Svolvær med 12 tilsette, noko som eg anser som meir enn "nokre få stillingar". Senteret skal utviklast til å bli eit kompetansesenter innanfor arbeidet med oljevern og marin plastforsøpling og fremje kunnskap, kostnadseffektive og miljøvenlege teknologiar og metodar. Senteret blei etablert i Svolvær i Vågan kommune i februar 2018.

Senteret skal etablerast med tilhøyrande FoU/praktiske oppgåver på Fiskebøl i Hadsel kommune. For regjeringa er det viktig å sikre at utviklinga av Senter for oljevern og marint miljø også i det vidare skal vere godt forankra og gi ei nytte for samfunnet.

I januar 2018 leverte Kystverket ei utgreiing av etablering av fasilitetar for simulering av isfylte farvatn og strender. For å sjå Kystverket si utgreiing i samanheng med etableringa av Senter for oljevern og marint miljø på Fiskebøl, og dermed leggje til rette for den beste moglege løysinga for etablering av testfasilitetar, gav Samferdselsdepartementet Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø hausten 2018 i oppdrag greie ut etablering av fasilitetar for testing av oljevernteknologi. Det blei presisert at utgreiinga skulle ha ei brei tilnærming der både oljevern, marin forsøpling og synergiar skulle vurderast. Ulike alternativ for etablering av testfasilitetar på Fiskebøl er blant dei aktuelle alternativa i utgreiinga. Kystverket og Senter for oljevern og marint miljø leverte utgreiinga 29. mars 2019, og denne er no til behandling i Samferdselsdepartementet.

Det blei brukt i alt om lag 12,2 mill. kr i perioden 2015-2017 til planlegging av senteret. Dette er kostnader til sekretariatet som utgreidde konsept for senteret, inkluderte utgifter til eksterne utgreiingar. På utgreiinga om testfasilitet for oljevernteknologi blei det brukt om lag 2,2 millionar kroner, hovudsakeleg på ei ekstern utgreiing utført av DNV GL.

Det er ei krevjande oppgåve å etablere ein ny, statleg etat. Til tross for dette har vi allereie komen langt. Regjeringa har på eit år etablert Senter for oljevern og marint miljø med hovudkontor i Svolvær med 12 tilsette. Det er ikkje mogleg no å love eit eksakt tidspunkt for etableringa på Fiskebøl, men eg kan forsikre om at regjeringa har dette høgt oppe på dagsorden, og vil syte for at Senter for oljevern og marint miljø også etablerast i Fiskebøl.

Regjeringa har tidligare skissert at senteret skal ha 10-20 tilsette. Som nemnt over er det i dag 12 tilsette ved senteret, og ytterlegare ein person vil bli tilsett i nær framtid. Eg vil seie at vi ligg godt an i etablering av etaten. Vidare vekst i talet på tilsette må vurderast ut i frå senterets behov. Eg er oppteken av å gi senteret moglegheit til å finne ut av korleis dei kan løyse utfordringane best mogleg, for så å utvikle senteret vidare. Det må påreknast ei auke som fylgje av etableringa på Fiskebøl, men det er for tidleg å anslå kor mange tilsette det vil vere behov for her.