Skriftleg spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1825 (2018-2019)
Innlevert: 11.06.2019
Sendt: 12.06.2019
Svart på: 19.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): I dagens Adresse kan vi lese at køkaoset ut fra Trondheim til Klett på E6 nådde et foreløpig klimaks fredag ettermiddag. Dette er et veiprosjekt som ble ferdigstilt i februar, og som skulle koste 1,2 milliarder kroner, men endte opp på 3,2 milliarder kroner. På tross av dette er ikke prosjektet dimensjonert for dagens trafikktall med valgt løsning av rundkjøring ved Klett, og Statens vegvesen sier at køene kan bli værende over ti år.
Vil statsråden på noen måte bidra til å få løst denne utfordringen tidligere?

Grunngiving

Vegprosjektet E6 over Heimdalsmyra ble innlemmet i Miljøpakke Trondheim i 2015. Merkostnaden ble ikke fullfinansiert av staten, og et enstemmig bystyre og fylkesting så ikke at de kunne belaste bilistene med en større bompengeandel enn de allerede var nødt til for å finansiere et toplanskryss, med en merkostnad på kr. 140 millioner. Bilistene blir allerede belastet med 200 millioner kroner ekstra fordi Miljøpakken må ta opp lån for å finansiere ei helt nødvendig utskifting av Nydalsbrua, som også opprinnelig er statens ansvar.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Prosjektet E6 Jaktøya-Klett-Sentervegen er delfinansiert med bompengar frå Miljøpakke Trondheim, jf. Prop. 172 S (2012-2013) Finansiering av Miljøpakke Trondheim trinn 2. Ombygging av Klettkrysset, som bind saman E6 og E39 sør for Trondheim, var ein del av prosjektet. Opphaveleg var det planlagt å bygge dette som eit planskilt kryss. Kontaktutvalet (styringsgruppa) gav Statens vegvesen i oppdrag å vurdere kostnadsreduserande tiltak. Etter dette vart det mellom anna vedteke å bygge Klettkrysset som rundkøyring.

I følgje Statens vegvesen vart det gjort merksam på at rundkøyring ville vere ei dårlegare løysing enn eit planskilt kryss. Lokalt vedtok ein likevel dette, sjølv om konsekvensane altså var kjende. Fremskrittspartiet fremma i Trondheim bystyre forslag om å sende saka tilbake med bestilling om toplanskryss, fordi ei rundkjøring ikkje ville handtere den venta trafikkveksten. Dette forslaget vart nedstemt av dei øvrige partane, inkludert Arbeiderpartiet. Hadde ein i staden slutta seg til forslaget frå FrP i bystyrebehandlinga i Trondheim kunne ein unngått å hamne i denne situasjonen.

Statens vegvesen vil i første omgang setje opp eit sensorstyrt «fare for kø»-skilt. I tillegg vil det bli vurdert kva ytterlegare tiltak som kan vere aktuelle både på kort og lengre sikt. På kort sikt er det mest aktuelle tiltaket å lysregulere fv. 707 inn mot rundkøyringa då det er trafikk derifrå som fører til hindringar for hovudstraumen mellom E6 og E39. I tillegg er det aktuelt å flytte opphevinga av fartsgrensa på 100 km/t, slik at denne kjem sør for avkøyringsrampa til E39. På lengre sikt kan det vere aktuelt å bygge om rundkøyringa for å få to køyrefelt og etablere filterfelt for trafikk som skal svinge til høgre, slik at denne blir leia utanom sjølve rundkøyringa. Dette må eg eventuelt komme tilbake til når det ligg føre nærare avklaringar.