Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1870 (2018-2019)
Innlevert: 14.06.2019
Sendt: 14.06.2019
Svart på: 21.06.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden ta initiativ til endringar i førarkortforskrifta og trafikkopplæringsforskrifta slik at stadleg begrensa og tidsmessig begrensa førarrett vert gjeninnført?

Grunngiving

Viser til at moglegheit for tidsmessig og stadleg begrensa køyrerett vart oppheva i 2017. Det gjer at ein del eldre særleg i distrikta no opplever at det vert vanskelegare for dei å fungere i sitt eige nærmiljø, også fordi det mange stader kan vere vanskeleg eller langt til busstopp og kollektivtilbod.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Det er i dag høve til å gi både stadleg avgrensa og tidsmessig avgrensa førarrett. Det er difor ikkje behov for endringar med omsyn til dette.
Eg kan elles opplyse at tidsmessig avgrensa førarett normalt er knytt til førarkortinnehavaren si helse. Det er fastlegen som ut frå si undersøking av førarkortinnehavaren si helse eventuelt fastset kortare tid enn dei alminnelege reglane tilseier før førarkortet må fornyast. Krava til helse for å erverve og behalde førarkortet vart revidert i 2016, og det er nyleg vedteke endringar i krava til helseattest for eldre bilførarar.
Stadleg avgrensa førarkort kan gis til personar som ikkje fyller dei ordinære helsekrava, men kor eit rimeleg enkelt trafikkbilde og personen si lokalkunnskap gjer at køyringa jamvel kan skje på ein trygg måte. Av omsyn til trafikktryggleiken er ordninga særs avgrensa.