Skriftleg spørsmål fra Øystein Langholm Hansen (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:1943 (2018-2019)
Innlevert: 21.06.2019
Sendt: 24.06.2019
Svart på: 01.07.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Øystein Langholm Hansen (A)

Spørsmål

Øystein Langholm Hansen (A): Er dette en garanti som er frivillig å innføre, eller fjerne, i Norge, også for enkeltområder der det er innført, eller er det en forpliktelse Norge har som medlem i EØS?

Grunngiving

I Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr 1071/2009 av 21.oktober 2009, står å lese at en løyvehaver som driver som veitransportør må vise at det hvert år i forbindelse med revisjon av godkjent revisor skal vise at det hvert år har til disposisjon kapital eller reserver som samlet beløper seg til minst 9000 Euro når det bare er et kjøretøy benyttes, og 5000 Euro for hvert ytterligere kjøretøy benyttes. Dette er idag det som i Norge kalles Løyvegaranti, og som benyttes særdeles effektivt for å fjerne useriøse aktører som ikke betaler skatter og avgifter til det offentlige, eller misligholder andre økonomiske forpliktelser. Dette vil nå bli fjernet i forbindelse med ny drosjelovgivning i Norge, mens man beholder det for andre transportører.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1071/2009 av 21. oktober 2009 om tilgang til yrket som transportør på veg vart innlemma i EØS-avtalen 16. mai 2014. Forordninga gjeld godstransport med motorvogn – eller motorvogn med tilhengjar – med ei tillaten totalvekt på over 3,5 tonn, om ikkje nasjonalstaten har bestemt noko anna. For persontransport gjeld forordninga for transport med motorvogn som er konstruert for transport av fleire enn ni personar medrekna sjåføren. For transport med tunge køyretøy er Noreg forplikta gjennom EØS-avtalen til å krevje at alle som ønskjer tilgang til yrket som transportør på veg oppfyller fire kvalitative krav:



For det første er det eit etableringskrav om at verksemder som utøver yrket skal drive ei faktisk og varig verksemd i staten der det vert søkt løyve. For det andre vert det stilt krav til vandel som både transportøren, transportleiaren og en ev. annen relevant person må oppfylle. For det tredje må transportøren ha økonomisk evne som svarer til at verksemda har reserver eller garanti frå bank eller forsikringsselskap på minimum 9000 euro for eitt køyretøy og minst 5000 euro for kvart ekstra køyretøy. For det fjerde er det stilt krav til faglege kvalifikasjonar.



Når det gjeld drosjetransport vert dette definert som persontransport utanfor rute med motorvogn registrert for inntil 9 personar. Slik transport er difor ikkje omfatta av reglane i forordning 1071/2009, og Noreg er såleis ikkje forplikta etter EØS-avtalen til å stille dei same krava til dei som ønskjer å drive drosjetransport.



Ein har likevel til no hatt nasjonale reglar som har stilt dei same løyvekrava til dei som driv drosjetransport. For å dokumentere tilstrekkeleg økonomisk evne har difor òg drosjeløyvehavarar plikta å leggje fram ei garantierklæring frå bank eller forsikringsselskap på ei kroneverdi tilsvarande 9000 euro for det første løyve og tilsvarande 5000 euro for kvart løyve utover dette.



I samband med endringane i det nasjonale drosjeregelverket vurderte Samferdselsdepartementet at kravet om økonomisk garanti vil innebere ei for streng etableringsbarriere for dei som søker om å drive drosjetransport. Departementet fremma difor forslag om å fjerne dette kravet.



Det er ikkje i strid med Noreg sine EØS-plikter å gjere desse endringane i drosjeregelverket så lenge det ikkje er innlemma felleseuropeiske krav til drosjetransport i EØS-avtalen.