Skriftleg spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:1997 (2018-2019)
Innlevert: 28.06.2019
Sendt: 01.07.2019
Svart på: 07.08.2019 av finansminister Siv Jensen

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): I SSB-tabell 09935 vert utviklinga i gjennomsnittleg bruttoinntekt per desil på nasjonalt nivå i perioden 2010-2017 vist. Kan statsråden leggje fram ei oversikt over kor mange personar som finst innanfor dei ulike desila for kvar av kommunane i landet?

Grunngiving

Dersom det føreligg tal også for 2018, så er dette interessant både for kvar kommune og for landet som heilskap.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Tabell 09935 i SSBs statistikkbank viser gjennomsnittleg bruttoinntekt per desil på nasjonalt nivå, og tal personer med beløp i dei ulike desilgruppene. Tabellen som er lagt ved dette svaret, viser tal på personar i dei ulike kommunane som inngår i dei ulike desilgruppene for bruttoinntekt på nasjonalt nivå. Tabellen dekker perioden frå 2010 til 2017. Det finst enno ikkje tal for 2018.

På grunn av enkelte problem med kommunenummera er Bjarkøy og Mosvik innlemma i høvesvis Harstad og Inderøy kommune et år tidlegare i den vedlagte tabellen enn i realiteten.







Lenke til vedlegg