Skriftleg spørsmål fra Sandra Borch (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:2002 (2018-2019)
Innlevert: 28.06.2019
Sendt: 01.07.2019
Svart på: 08.07.2019 av olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg

Sandra Borch (Sp)

Spørsmål

Sandra Borch (Sp): Kva er vanleg, gjennomsnittleg og typisk utbyggingskostnad per MW og GWt for høvesvis ny vindkraft og ny vasskraft, og kva er vanleg, gjennomsnittleg og typisk utbyggingskostnad per MW og GWt for høvesvis å modernisere og utvide eksisterande vasskraftverk?

Grunngiving

Eg har fått høyre at ein ved å framskrive anleggskostnadene for vasskraftprosjektet Blåfall i Vik til 750 mill. kroner får ein utbyggingskostnad på 3,3 millionar kroner per MW. For vindkraftanlegga Midfjellet og Sirdal vil ein få høvesvis 10 og 11 mill. kroner per MW. Ut frå desse døma kan vindkraft vere ca. 3-4 gonger dyrare enn vasskraft å byggje ut. I tillegg er etter kva eg får opplyst levetida på vindkraftanlegg omtrent det halve av vasskraftanlegg og driftskostnadene høgre. Ut frå slike tal kan ein spekulere i om kostnaden for å byggje ut vindkraft i dag kan vere svært høg sett opp mot kostnaden av å byggje ut, modernisere eller utvide vasskraftanlegg. Eg ber om svar på spørsmålet over og generell informasjon om kostnadsbiletet for ulike typar kraftutbygging, inkludert korleis skatte- og subsidierodningar (inkludert ordninga med grøne sertifikat) verkar inn på kva type kraft som faktisk vert bygd ut.

Kjell-Børge Freiberg (FrP)

Svar

Kjell-Børge Freiberg: Eg vil først gjere merksam på at dei som bygger ut vindkraft, vasskraft og annan fornybar energi her til lands sjølv må finne lønsemd i prosjekta sine ettersom omsetjinga av krafta skjer i ein marknad. Mitt departement har gjennom konsesjonshandsaminga ansvaret for å vurdere om fordelane i form av verdien på ny kraft er større enn ulempene for allmenne og private interesser.
Eg vil og peike på at Noregs vassdrags- og energidirektorat følgjer utviklinga i kostnadane for ulike former for fornybar energiproduksjon og presenterer desse på internettsidene sine. Sjå https://www.nve.no/energiforsyning/energiforsyningsdata/kostnader-i-energisektoren/
Vasskraftprosjekt har svært varierande kostnadsnivå, både per MW og per GWt. Prosjekta må tilpassast dei naturgjevne tilhøva der dei er, og kan både vere dyrare og billegare enn vindkraftprosjekt. I nokre einskilde tilfelle kan vasskraftutbyggingar vere svært lønsame, medan andre prosjekt ikkje er rentable i dagens marknad. Dette gjeld alle typar vasskraftprosjekt, også opprustings- og utvidingsprosjekt. Kostnadane for landbasert vindkraft varierer mindre frå prosjekt til prosjekt.
Vasskraftverk har ei lang teknisk levetid, medan vindkraft har ei vesentleg kortare teknisk levetid. Vindkraft på land har hatt sterk teknisk utvikling dei siste åra, noko som m.a. har gjeve noko lenger levetid og ein auka produksjon per MW.
Dei siste tala frå NVE tilseier ein investeringskostnad for vasskraft på 15-16 millionar kroner per MW. For vindkraft på land er investeringskostnaden på 10-11 millionar kroner per MW. Vindkraft har noko høgare driftskostnadar, men har likevel lågare kostnad per kWt produsert enn mange vasskraftprosjekt.
Ordninga med elsertifikat har sidan 2012 gjeve ei auka lønsemd til fornybar kraftproduksjon. Ordninga er teknologinøytral. Som varsla i energimeldinga - Kraft til endring, Meld. St. 25 (2015-2016), vert ikkje ordninga vidareført etter 2021.
Regjeringa går ikkje inn for å etablere nye støtteordningar for fornybar kraftproduksjon, men vi skal sørgje for at det vert lagt til rette for vidare utbygging av lønsame prosjekt.