Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:2044 (2018-2019)
Innlevert: 05.08.2019
Sendt: 05.08.2019
Svart på: 14.08.2019 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): I samanheng med skatteendringar for transportnæringane, mellom anna på årskort for tilsette i busselskapa som også gjeld framforhandla tariffavtalar for pensjonistene, er regjeringa samde i at det vert urimelig å innføre nye skatteregler på frikort for pensjonistane?

Grunngiving

Endringa i reglar for skattlegging av naturalytelser var lite utreda. Kva konsekvensane vart for dei ulike endringsframlegga mangla i mange tilfeller, noko som gjorde at reglane er endra i ettertid og for transportnæringa er regelendringane utsett to gonger. Likevel verkar det som om reglane framleis ikkje er klare for transportselskapa og pensjonistane i transportselskapa. Det er etter nye reglar arbeidsgjevar som skal innrapportere og korleis ei håndheving av innraporteringsplikta for pensjonistar skal verte er vanskelig å finne ut av. I tillegg har pensjonistane hatt dette som del av lønna i form av tariffavtale eller praksis så lenge dei var i arbeid, og det kan sjåast på som å ta bort eit gode som er betalt for iform av lågare løn den gong ein var i arbeid. Dette er å gje tilbakevirkende kraft sidan pensjonistane ikkje kan reforhandle avtalane.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Økonomiske fordelar ein får som følgje av eit arbeidshøve, vert rekna som skattepliktig inntekt. Dette gjeld òg for fordelar som vert gitt som naturalytingar, til dømes fribillettar i transportnæringa. Dette utgangspunktet er ikkje noko nytt som følgje av endringane i reglane for skattlegging av naturalytingar.
Dei tidlegare reglane om skattlegging av naturalytingar var uklåre og skjønnsmessige, og praksis hadde på fleire område sklidd ut. Uklåre reglar gjer det krevjande å etterleve og handheve regelverket. Dei nye reglane gjer til dømes klårare vilkår for skatteplikt for personalrabattar, og skaper såleis meir likebehandling og betre etterleving. Framlegget om nye reglar om skattlegging av naturalytingar har vore på alminneleg høyring. Reglane vart vedteke allereie i Revidert nasjonalbudsjett 2018, nettopp for å gje næringa tid til å tilpasse seg endringane i regelverket.
Når det er gjort ytterlegare endringar i ettertid, er det fordi vi har lytta til næringa, som trengte meir tid til å tilpasse seg regelverket. Iverksettjinga av reglane om skattefrie personalrabattar har difor vorte utsett fram til 1. januar 2020.
Dei nye reglane for skattefrie personalrabattar inneber at ein kan ta imot fribillettar til ein verdi av inntil 8 000 kroner skattefritt. Pensjonerte bussjåførar som får fribillettar, kan òg nytta dette fritaket sidan rabatten har samanheng med tidlegare arbeidsforhold. Dersom ein òg nyttar beløpsgrensa for gåver på 2 000 kroner, vert verdien auka til 10 000 kroner.
Eg viser òg til at marknadsprisen for bussbillettar ofte er lågare for pensjonistar, noko som inneber at dei vil kunne få fleire billettar skattefritt enn arbeidstakarar.