Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:2056 (2018-2019)
Innlevert: 08.08.2019
Sendt: 08.08.2019
Svart på: 19.08.2019 av finansminister Siv Jensen

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Kva ville skatteinngangen bli ved å innføre omsetningsavgift for digitale selskap med høg omsetning i Norge lik den Storbritania planlegg å innføre i 2020 og kva må utredast nærmare før Norge kan innføre ei slik avgift?

Grunngiving

Det blei nylig kjent at Facebook kun betalte 2,9 millionar kroner i skatt til Norge i 2018, til tross for at omsetninga er anslått å vera på over 2,3 milliarder kroner. I påvente av at EU og OECD sitt arbeid med å få på plass internasjonale skatteordningar for store multinasjonale selskap med digitale plattformer iverkset andre land eigne særordninger for å få bukt med skatteomgåing. Storbritannia har varsla at dei vil innføre ei omsetningsavgift, UK Digital Services Tax, frå og med april 2020. Denne er på 2% av omsetningen og vert pålagt store selskaper med digitale plattformer som har høg omsetning. Også andre land som feks Frankrik vil innføre ei lignande avgift.

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Storbritannia har varsla at dei skal innføre ein omsetningsavgift på to prosent på digitale tenester (Digital Services Taks) frå april 2020. Avgifta skal gjelde for selskap som tilbyr plattformer for sosiale media, søkemotorar og online-markedsplasser til britiske brukarar. Den skal omfatte både britiske og utanlandske selskap. Avgifta skal berre gjelde for konsern som har ei samla global omsetning frå slike tenester på meir enn £ 500 millionar, og ei omsetning i Storbritannia på meir enn £ 25 millionar. Konsern som må svare avgift, skal berre svare avgift på den delen av omsetninga i Storbritannia som overstig £ 25 millionar.

Eg vil innleiingsvis peike på at omsetning ikkje er ein god indikator på om eit selskap driv lønnsamt. Eit selskap kan ha høg omsetning og likevel gå med underskot. Ein bør derfor vere varsam med å skattlegge på grunnlag av omsetning.

Å innføre ein avgift i Noreg som svarar til den som er foreslått i Storbritannia, vil krevje nærare utgreiing av korleis avgifta skal utformast og praktiserast. Eg kan ikkje gå inn på alle problemstillingane som må vurderast før ein slik avgift kan innførast, men eit sentralt spørsmål vil vere kva for tenester som skal omfattast, og korleis omsetning frå slike tenester skal bereknast. Eksempel på andre spørsmål som må vurderast, er problemstillingar som oppstår når ein tar utgangspunkt i omsetning på konsernnivå. Det må blant anna vurderast korleis eit konsern skal avgrensast, korleis konsernet si globale omsetning frå digitale tenester skal bereknast, korleis konsernet si omsetning frå tenester til brukarar i Noreg skal bereknast og kva for selskap som skal rapportere og vere ansvarleg for innbetaling av skatten. Sidan det i utgangspunktet er store multinasjonale konsern som vil vere omfatta av ein slik avgift, og selskap kan ha omsetning i Noreg utan å vere fysisk etablert her, oppstår det også spørsmål knytt til dokumentasjon og kontroll.

Provenyet frå ei avgift på digitale tenester, vil avhenge av korleis den utformast. Ikkje minst vil terskelen for skatteplikt vere viktig. Utfordringane med å utforma ein omsetningsavgift som er omtala over gjer det vanskelig å berekne proveny. Departementet ser seg difor ikkje i stand til å gi eit slikt anslag nå.