Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2188 (2018-2019)
Innlevert: 27.08.2019
Sendt: 28.08.2019
Svart på: 05.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for Luftfartstilsynet si tilråding i høve dei vedtekne planane for militær aktivitet på Evenes og Luftfartstilsynet sitt syn på om og i tilfelle kva konsekvensar utbygginga vil få for sivil luftfart?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Luftfartstilsynet er eit uavhengig tilsyn og eg kan difor ikkje overprøve deira vurderingar. Eg har difor heller ikkje vore involvert i dei prosessane som tilsynet sjølv vel å halde seg orientert om. I det vidare er difor svaret til representanten basert på innhenta opplysningar frå Luftfartstilsynet som eg ikkje har teke stilling til innhaldet i.



Luftfartstilsynet opplys at dei ikkje har ei rolle når det gjeld å utforme planer for militær aktivitet på Evenes, og skal heller ikkje ha gjeve tilrådingar i høve til dei vedtekne planane.



Dei opplys vidare at så langt har dialogen om utbygginga gått føre seg mellom Forsvarsbygg og Avinor AS, som er flyplassoperatør. Luftfartstilsynet har ikkje motteke søknad frå Avinor om utbygging på Evenes, men blir haldt informert frå Avinor om status, mellom anna om analysar om hindersituasjonen, radioteknikk og turbulens som er under arbeid.



Eg er oppteken av ein framleis god og trygg flytrafikk til og frå Harstad/Narvik lufthavn, Evenes.