Skriftleg spørsmål fra Kirsti Leirtrø (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2238 (2018-2019)
Innlevert: 03.09.2019
Sendt: 03.09.2019
Svart på: 16.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Kirsti Leirtrø (A)

Spørsmål

Kirsti Leirtrø (A): Hvor stor blir den beregnede økningen i momsutgifter i bompengeinnkrevingen samlet sett når bompengeselskapene og utstederrollen administrativt og juridisk tvinges til å skilles fra hverandre etter forskrift fra regjeringen?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Stortinget ga ved behandlinga av Meld. 25 (2015-2016) På rett vei og Tillegg 2 (2015-2016) tilslutning til ei omfattande reform av bompengesektoren i Noreg (bompengereforma). Som ein del av bompengereforma skal utferdartenesta, det vil seie handteringa av kundane med AutoPASS-avtale, skiljast frå bompengeselskapa.
Eit hovudmål med å skilje utferdarfunksjonen frå bompengeselskapa er å reindyrke rollene i bompengesektoren. I dag har bompengeselskapa både rolla som operatør (bompengeselskap) og utferdar. Som utferdar tilbyr selskapa brukarane ein avtale og brikke til registrering av bompasseringar slik at brukarane får kun ei rekning for alle sine bompasseringar. Utferdarselskapa vil stå for innkrevjinga frå eigne avtalekundar, og er ansvarleg overfor operatør ved at dei ber kredittrisikoen for at avtalekundane faktisk betaler. Dagens organisering inneber at det skjer kryssubsidiering mellom ulike bompengeprosjekt ved at bompengeselskapa krev inn bompengar for kvarandre. Bompengeselskapa tar også ein risiko på vegne av ferjeselskapa når dei krev inn betaling for ferjebillettar gjennom AutoPASS ferje. Ved å skilje utferdarverksemda frå bompengeselskapa hindrar ein denne kryssubsidieringa og fjernar risikoen bompengeselskapa tar for ferjeselskapa, samtidig opnar det for utvida bruk av brikkeavtalane.
Ved utskiljinga av utferdarfunksjonen følgjer derfor også ei utferdargodtgjersle, som er ei betaling frå bompengeselskapet til AutoPASS-utferdar for dei tenestene som blir ytte. Dette er kostnader som er i bompengeselskapa i dag.
Når utferdarfunksjonen blir skilt ut frå bompengeselskapa, må det svarast meirverdiavgift på denne tenesta for alle avtalepasseringar. Det er berekna at dette vil føre til ein auke i bompengeselskapa si betaling av meirverdiavgift på 25-30 mill. kr pr. år.