Skriftleg spørsmål fra Lene Vågslid (A) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2252 (2018-2019)
Innlevert: 04.09.2019
Sendt: 05.09.2019
Svart på: 11.09.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Lene Vågslid (A)

Spørsmål

Lene Vågslid (A): Vil enerettsmodellen i nytt drosjeregelverk bety at kun drosjesentral/løyvehaver med adresse i den aktuelle kommunen blir prioritert ved tildeling av enerett, og vil fem års tildeling av enerett sikre økonomisk forutsigbarhet for løyvehavere i de aktuelle kommunene?

Grunngiving

I nytt drosjeregelverk åpnes det for at fylkeskommunene kan tildele eneretter i kommuner med mindre enn 20.000 innbyggere og befolkningstetthet på mindre enn 80 innbyggere per kvadratkilometer. Det er uavklarte spørsmål rundt denne eneretten. Det som er avklart er at løyvehavere tildelt enerett ikke er sikret å få annen kontraktskjøring i kommunen. I dag er kontraktskjøring, som skolekjøring og pasientkjøring, ofte en forutsetning for lønnsomhet i taxinæringen i distriktene. I tillegg blir det lov for andre løyvehavere - uten enerett - å foreta henting i enerettsområdet dersom turen er forhåndsbestilt. Derfor er det usikkert om drosjekjøring med enerett vil være lønnsomt, og fylkeskommunene står da overfor valget «å kjøpe» slike eneretter for å sikre sysselsettingen, eller å la være å tildele dem. Dette skaper ny uklarhet. For eksempel hvis fylkeskommunen må «kjøpe» disse eneretten, vil da kun løyvehavere i den aktuelle kommunen bli tildelt disse løyvene etter anbudsprinsippet. Det kan også tyde på at prispress fra nærliggende kommuner, på grunn av regelen om henting, kan føre til ytterligere økonomiske utfordringer for løyvehavere med enerett.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Ved utlysning av ein einerett er det ingen som har førerett til eineretten.

Ein einerettskontrakt kan ha ei lengd på inntil fem år. I høyringsnotatet blei det foreslått ei kontraktslengd på inntil tre år, men departementet bad særskild om høyringsinstansane sitt syn på kva som er føremålstenleg lengd av slike kontraktar. Mange høyringsinstansar ønskte at det skulle vere høve til å gi kontraktar med ei lengd på inntil fem år. Forslaget blei dermed endra i tråd med høyringsinstansane sitt syn.

For marknadsaktørane kan det vere meir attraktivt å delta i ein konkurranse om ein einerett for ein lengre periode, noko som hjelper til å gi betre føreseielegheit og høve til å dekkje investeringane dei har gjort. I tillegg får fylkeskommunane noko mindre administrasjon knytt til tildeling av einerettar. Dette er også bakgrunnen for at departementet var samd med høyringsinstansane om å utvide maksimal lengd på kontraktane til fem år.

Når det er sagt vil eg peike på at ein drosjebil normalt vil ha relativt lave investeringskostnader og fleire bruksområde, samanlikna med driftsmiddel i andre bransjar. Eg vil understreke at mykje av bakgrunnen for revideringa av drosjereguleringa var, og er, å leggje til rette for meir velfungerande konkurranse i marknaden. Det var difor viktig å ha ei kontraktslengd som varetek begge desse omsyna.. Etter mi vurderinga gir ei kontraktslengd på fem år ein god balanse ved å gi aktørane god økonomisk føreseielegheit samtidig som marknaden ikkje blir stengd for andre aktørar i ein for lang periode.