Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2354 (2018-2019)
Innlevert: 30.09.2019
Sendt: 30.09.2019
Svart på: 07.10.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): Vil statsråden syte for at ingen samferdselsprosjekt vert stoppa på grunn av omorganiseringa av Statens Vegvesen?

Grunngiving

Det har gjennom media kome melding om at fleire vegprosjekt i Rogaland er stoppa på grunn av omorganisering av Statens Vegvesen. På toppen av dette er Rogfast stoppa og E39 Hove-Ålgård er varsla overført til Nye Veier As til trass for at fyrste del av prosjektet snart kunne vore lagt ut i marknaden.

Konsekvensane av dette er permitteringar hos entreprenørane.

Ein skulle tru at når ein har ei fleirtalsregjering så burde det vera mogleg å ha ei viss planlegging av prosessane som vert køyrde. Det som no skjer er lite føreseieleg for næringslivet og vil også råka trafikantane.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Statens vegvesen og fylkeskommunane er i krevjande prosessar med omstilling. Overslagsvis brukte Statens vegvesen om lag 1850 stillingar på oppgåvene knytta til sams vegadministrasjon i fylkeskommunane i 2018. Dette er stillingar knytt til oppgåver som fylkeskommunane tek over frå 2020. Mellom anna på grunn av denne store endringa og som oppfølging av områdegjennomgangen av Statens vegvesen, førebur vegvesenet ny organisasjon frå 1.1.2020. Samstundes er dei fleste fylkeskommunane i prosessar med å slå seg saman med andre.

I ein overgangsfase med omstilling har Statens vegvesen og fylkeskommunane felles utfordringar med å halde oppe den same produksjonen som før. Dette kjem i liten grad av at dei tilsette bruker tid på sjølve omstillinga. Hovudutfordringa er at fleire enn vanleg sluttar og finn andre arbeidsgjevarar enn Statens vegvesen og fylkeskommunane. Det er no over 8 % som sluttar i Statens vegvesen, mot normalt 4-5 %. Her er det geografiske variasjonar og variasjonar mellom område. Rogaland har større utfordringar enn ein del andre område.

Eg er kjent med at det er god dialog mellom Statens vegvesen og fylkeskommunane for å finne dei beste løysingane der det er utfordringar med å oppretthalde produksjonen som planlagt, men det er likevel ikkje mogleg å gjennomføre ei så stor omstilling heilt utan konsekvensar for framdrift i ein overgangsfase. Omstillinga rokkar likevel ikkje ved dei utbyggingsplanane som ligg på vegsektoren i dei ulike regionane. Statens vegvesen vil difor fortsetje sitt arbeid for å realisere utbygging av alle viktige vegprosjekt.