Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:132 (2019-2020)
Innlevert: 22.10.2019
Sendt: 22.10.2019
Svart på: 29.10.2019 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kven av Luftforsvaret sine basar skal understøtte kampflyøvingar som Arctic Challenge Exercise (ACE) og andre øvingar med betydeleg kampflydeltaking når Bodø flystasjonvert lagt ned til fordel for nye Bodø lufthavn?

Grunngiving

På Forvaret si heimeside kan vi lese at ACE er ei øving som har pågått annakvart år sidan 2013 og er ein viktig del av Nordic Defence Cooperation (NORDEFCO), ei samtrening mellom Noreg, Sverige og Finland. Øvinga vert gjennomført i luftrommet over nordområda.
Regjeringa har i liten grad informert Stortinget om konsekvensane av norsk deltaking på slike øvingar. Dette medfører at det er betydeleg usikkerheit kring Noreg som Host Nation for framtidige øvingar i Nord-Noreg når Bodø og Andøya flystasjonar vert lagde ned og går ut or Forsvaret sin operative struktur.
Forsvaret sine heimesider opplyser at årets ACE medførte betydeleg aktivitet i Bodø med rundt 850 gjester og brorparten av dei over 100 deltakande kampflya.
I følgje Avinor skal Forsvaret frigjere areal i Bodø ved utgangen av 2021. Dette medfører at det er usikkerheit kring den nasjonale evna til framleis å vere NATO i nord og kunne tilby våre allierte naudsynte fasilitetar og host base support for gjennomføring av øvingar og høgintensive flyoperasjonar med skarpe våpen i nordområda.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 22.oktober 2019, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om; kven av Luftforsvaret sine basar skal understøtte kampflyøvingar som Arctic Challenge Exercise (ACE) og andre øvingar med betydeleg kampflydeltaking når Bodø flystasjon vert lagt ned til fordel for nye Bodø lufthavn?
Gjennom behandlinga av Innstilling 388 S (2011–2012) til Prop. 73 S (2011–2012) vedtok Stortinget å legge ned Bodø hovudflystasjon og flytte kampflyverksemda til Ørland. Øving og trening vil gå føre seg med utgangspunkt i den vedtekne basestrukturen. På kampflysida ligg avgjerda fast om at Ørland flystasjon skal væra hovudbase og Evenes væra framskoten operasjonsbase i Nord-Norge. Kampflyøvingar vil primært gjennomførast der Luftforsvaret driv styrkeproduksjon til dagleg. Det kan også bli aktuelt å bruke sivile flyplassar, inkludert Bodø, i trening og øving knytt til mottak av allierte forsterkingsstyrkar.