Skriftleg spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:178 (2019-2020)
Innlevert: 27.10.2019
Sendt: 28.10.2019
Svart på: 11.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): Vil statsråden revurdere beslutningen om økte fartsgrenser på E18 mellom Vinterbro og Østfold grense, en beslutning som ble gjort i strid med rådet fra samtlige høringsinstanser?

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Riktige fartsgrenser er vesentleg for å kunne utnytte veginfrastrukturen best mogleg. Fartsgrensesystemet er basert på fire grunnpilarar: mennesket si tåleevne, geometrien til vegen, trafikantane si forståing og miljø. Den respekten trafikantane har for skilta fartsgrenser avheng av at grensene verkar fornuftige og logiske ut frå korleis trafikantane sjølve oppfattar tilhøva.
Vi vil gjere reisekvardagen til folk så enkel, sikker og effektiv som mogleg. For å få til dette har investeringar i nye vegprosjekt hatt høg prioritet dei siste åra, og standarden på vegane er heva for at transporten skal gå raskt, effektivt og sikkert. Då er det også naturleg å sjå på kva fartsgrense som er rett.
Reviderte fartsgrensekriterium for alle fartsgrenser med unntak av 70 km/t, tok til å gjelde frå 1. november 2018. Enkelte vegstrekningar har også fått fartsgrensa sett ned som følgje av dei nye kriteria.
Fartsgrensene vart i haust heva på seks strekningar over heile landet for å få erfaringar med å ha høgare fartsgrense på einskilde ulike strekningar. Fartsgrenseendringane vil bli evaluerte etter eitt og tre år. I evalueringa skal trafikktryggleiken vurderast, og det skal givast ei konkret vurdering av om fartsgrenseendringa har påverka samfunnsnytta.
Det er alltid trist når det skjer ei ulykke i trafikken, og kvar einaste ulykke er ei ulykke for mykje. Eg kjenner ikkje til omstenda kring ulykka 21. oktober på E18 mellom Vinterbro og Østfold grense. Eg vil følgeleg ikkje spekulere i kva som forårsaka ulykka, men overlèt til politiet å gjere dei naudsynte undersøkingane.