Skriftleg spørsmål fra Marit Knutsdatter Strand (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:229 (2019-2020)
Innlevert: 06.11.2019
Sendt: 06.11.2019
Svart på: 11.11.2019 av finansminister Siv Jensen

Marit Knutsdatter Strand (Sp)

Spørsmål

Marit Knutsdatter Strand (Sp): Mange kommunar har i sitt eigedomsskattegrunnlag gjort lokal taksering som allereie er langt under marknadspris. For eksempel viser takstgrunnlaget for solgte eigedomar i Vestre Slidre og Øystre Slidre kommuner siste tida, at eigedomsskattegrunnlaget i snitt låg heilt nede på 35 pst. av reell salgsverdi, altså ein «reduksjonsfaktor» på 65 pst.
Meiner statsråden at det skal innførast ein reduksjonsfaktor på 30 pst. av verdiberekninga sjølv om verdien allereie ligg lågt, mellom 50 og 60 pst. av reell marknadspris?

Siv Jensen (FrP)

Svar

Siv Jensen: Hovudregelen i eigedomsskattelova er at verdsetting av eigedomane vert gjort av kommunen. Desse takstane ligg normalt fast i 10 år. For bustadeigedom kan kommunane velje å bruke formuesgrunnlag ved verdsettinga. Då vert verdien justert årleg gjennom eventuelle endringar i bustadverdiane frå Statistisk Sentralbyrå.
Det heiter i eigedomsskattelova at: «Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal. (…)»
Etter ulovfesta rett kan kommunane nytte ein såkalla reduksjonsfaktor i takstane. Dette er eit likt, prosentvis frådrag i taksten for alle eigedomar. Reduksjonsfaktor vert gjerne brukt for å hindre at takstane overstig marknadsverdien, eller for at skattegrunnlaget ikkje skal bli høgare enn det kommunen finn ønskeleg. I staden for reduksjonsfaktor kan nokre kommunar ha valt å sette verdien ved taksering lågare enn marknadsverdien.
I tider med prisstigning på bustader og andre typar eigedom vil takstane mot slutten av takstperioden ikkje lenger tilsvare marknadsverdien. Dette er normalt og kan bli justert når kommunen igjen kan foreta ny taksering.
Etter lovendring i desember 2018 blir det frå og med skatteåret 2020 obligatorisk med ein reduksjonsfaktor på 30 prosent for bustad- og fritidseigedom. Berekninga av denne skal ta utgangspunkt i den taksten kommunen har, uavhengig av metoden som er brukt ved verdifastsetjinga, om taksten er høg eller låg, og om kommunen har reduksjonsfaktor frå før. Har kommunen ein høgare lokal reduksjonsfaktor enn 30 prosent vert den obligatoriske reduksjonsfaktoren «konsumert» av den lokale.
Formålet med endringa er at flest mogleg skal få lågare eigedomsskatt i åra som kjem. Med innføring av ein obligatorisk reduksjonsfaktor vil mange kommunar måtte setje ned eigedomsskatten. Det håper vi eigarane av bustad- og fritidseigedom vil merke.