Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:247 (2019-2020)
Innlevert: 08.11.2019
Sendt: 08.11.2019
Svart på: 15.11.2019 av samferdselsminister Jon Georg Dale

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Kan statsråden opplyse om prosessen for vurdering av ny base for losstasjonen på Fedje er?

Grunngiving

Varaordførar i Fedje kommune Bjørn Solbakk orienterte meg om at Kystverket jobbar med planar for å flytte Fedje losstasjon vekk frå Fedje og over til fastlandet. Denne prosessen er ikkje særleg kjent uttad og kommunen har heller ikkje vært særleg informert om situasjonen. Eg ber difor statsråden opplyse om denne prosessen som Kystverket har sett i gong.

Jon Georg Dale (FrP)

Svar

Jon Georg Dale: Losstasjonane skal primært ta hand om losane sine behov for kvile mellom oppdraga, medan losbåtstasjonane og ein del stadar har funksjon som liggjeplass for losbåtane. Historisk er los- og losbåtstasjonane lokalisert til stader som har vore gunstige i høve til skipstrafikken som skal betenast.

Det ligg til Kystverket å drifte lostenesta på ein effektiv måte innanfor ramma av transportpolitikken.Sjøtrafikken er stadig i endring og Kystverket må fortløpande gjere vurderingar med omsyn til effektive logistikkløysningar. Lostenesta er i hovudsak finansiert av brukarane gjennom losavgiftene. Kystverket skal levere kostnadseffektive lostenester slik at avgiftsbelastninga og kostnadene for skipsfartsnæringa og transportbrukarane skal vere så lave som mogleg. I dette ligg det til Kystverket å til ein kvar tid vurdere om dei enkelte losstasjonane er plassert rett med omsyn til logistikk og effektiv drift. Desse vurderingane kan også endre seg over tid, dersom transporten endrast, eksempelvis som resultat av auka bruk av farledsbevis.

Kystverket opplyser at dei har sett i gang ein prosess der dei vurderer flytting av losstasjonen på Fedje til Mongstad som følgje av endringar i trafikken. Kystverket opplys vidare at dei vil vere ferdig med utgreiinga i løpet av fyrste kvartal 2020. Eg har forstått det slik at Kystverket har informert Fedje kommune om denne prosessen. Dette er ei vurdering som Kystverket skal gjere, men eg føreset at det er god kontakt med lokale myndigheiter som ein del av dette arbeidet.

Eg har tillit til at Kystverket vil gjere dei nødvendige vurderingane i samband med spørsmålet om eventuell flytting av losstasjonen på Fedje.