Skriftleg spørsmål fra Geir Pollestad (Sp) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:376 (2019-2020)
Innlevert: 22.11.2019
Sendt: 25.11.2019
Svart på: 29.11.2019 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Geir Pollestad (Sp)

Spørsmål

Geir Pollestad (Sp): I Bondebladet 5. september lover stortingsrepresentant Andre N Skjelstad frå Venstre at han vil ta opp handsaminga av ein flaumsak i Luster med landbruksministeren ved fyrste høve.
Kva vart resultatet av denne dialogen og kva endringar har dette gitt for handsaminga av den konkrete saka?

Grunngiving

Saka gjeld ein bonde i Luster som har fått utbetalt erstatning ut frå dei foreløpige tala han sendte inn til trass for at den endelege taksten over skadene var langt høgare. Den endelege taksten var kring 5 millionar kroner. Erstatningen vart sett til kring 1 million kroner.

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad: Eg er kjend med naturulykka i Luster i fjor og saka som representanten Pollestad syner til, både gjennom media og representanten Skjelstad.
Lov om erstatning for naturskader (naturskadeerstatningsloven) inneheld reglar om den statlege naturskadeordninga. Landbruksdirektoratet er ansvarleg myndigheit, og gjer vedtak om erstatning. Klagenemnda for naturskadesaker (klagenemnda) avgjer eventuelle klager etter ordninga.
Eg er kjend med at det i denne saka har vore ein diskusjon om dei ulike rapportane om skadetakst. Når det gjeld bruken av takstrapportar, følgjer det av reglane at taksten berre er rettleiande for Landbruksdirektoratet si avgjerd om erstatning.
Direktoratet har etter ei samla vurdering, mellom anna av dei ulike takstrapportane, gjeve erstatning med utgangspunkt i bruksverdien av skadeobjektet, slik det følgjer av lova. Saka har òg vore handsama i klagenemnda, og med same resultat som det opphavlege vedtaket. Den forvaltningsmessige handsaminga av denne saka er avslutta ved klagenemnda sitt vedtak. Eg vil understreke at klagenemnda er eit uavhengig forvaltningsorgan, og departementet har difor inga myndigheit til å instruere nemnda. Dette svaret fekk også representanten Skjelstad.
Dersom den som har lidd skade ynskjer å gå vidare med ei sak etter handsaming i klagenemnda, må det gjerast gjennom eit søksmål for domstolane.