Skriftleg spørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:761 (2019-2020)
Innlevert: 23.01.2020
Sendt: 24.01.2020
Svart på: 30.01.2020 av olje- og energiminister Tina Bru

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil statsråden syte før at det ikkje vert ny aktivitet frå vindkraftutbyggjarar i kommunar som har demokratisk fatta vedtak mot dette, og vil statsråden umiddelbart gripe inn og stoppe all vidare planlegging av nye vindkraftprosjekt i slike områder?

Grunngiving

Viser til brev til olje- og energiministeren datert 01.11.19 frå kommunane Masfjorden, Gulen, Hyllestad, Fjaler, Gaular og Høyanger. Desse kommunane har alle gjeve uttalar til ”Nasjonal ramme for vindkraft på land”.
Der slåast det fast at ingen av kommunane ønsker vindkraft i sine område.
Likevel erfarer dei at utbyggarar held fram med sine posisjoneringar og arbeid for å etablere vindkraftprosjekt innanfor deira kommunegrenser. Kommunane Høyanger og Gaular har endåtil nyleg motteke informasjon om at ein utbyggar har sendt melding til Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) om planar om vindkraftverk i eit område dei kallar ”Høyangerfjella”. I tillegg har utbyggar søkt om ulike dispensasjonar frå gjeldande lovverk, noko Høyanger kommune har avslått.

Tina Bru (H)

Svar

Tina Bru: I tråd med flere svar på spørsmål om vindkraftpolitikken, går departementet nå gjennom prosedyrer og fremgangsmåte ved behandlingen av vindkraftsaker etter energiloven. Inntil dette arbeidet er ferdigstilt, vil ingen nye meldinger eller konsesjonssøknader om vindkraftutbygging bli tatt til behandling.
Gjennom arbeidet som nå pågår i departementet, ønsker jeg å legge til rette for at vi fremover har et best mulig grunnlag for å kunne avgjøre konsesjonssøknader basert på en totalavveining av fordeler og ulemper for allmenne og private interesser. Jeg går ut fra at vindkraftbransjen legger til grunn de signalene som nå er gitt, for sin virksomhet i tiden fremover.