Skriftleg spørsmål fra Emilie Mehl (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:767 (2019-2020)
Innlevert: 23.01.2020
Sendt: 24.01.2020
Svart på: 03.02.2020 av klima- og miljøminister Ola Elvestuen

Emilie Mehl (Sp)

Spørsmål

Emilie Mehl (Sp): Kan statsråden legge frem sporingsloggen for ulven V862, slik at den viser ulvens bevegelser etter at den ble flyttet med helikopter fra Engerdal til Kongsvinger (dato og sted)?

Ola Elvestuen (V)

Svar

Ola Elvestuen: Det har vore stor interesse for kvar den forvaltningsmerka ulven V862 har bevega seg. Miljødirektoratet har jamnleg lagt ut informasjon om kvar ulven har vore på sine nettsider. Dette har ikkje vore informasjon i sanntid, men utdrag av sporingsloggen rundt 14 dagar attende i tid. For å unngå skadesituasjonar, har Fylkesmannen og varsla når ulven har nærma seg aktuelle område, som Elgå reinbeitedistrikt. Fylkesmannen har og varsla fellingsleiar i samanheng med mellombels stans i lisensfellinga i Letjennareviret. Det er òg gjeve informasjon om ulven sin områdebruk ved mellombels stans i lisensfellinga utanfor ulvesona.
Etter det eg er kjent med, har det ikkje kome inn formelle innsynskrav i sporingsloggen for ulven V862. Dersom det kjem slike søknader, må desse vurderast etter offentleglova, og eventuelt andre relevante lover. Hovudregelen i offentleglova er innsynsrett, og unntak frå denne hovudregelen må fylgje av lov eller forskrift med heimel i lov, jf. § 3 i lova.
Etter offentleglova § 24 tredje ledd kan det gjerast unntak frå innsyn for opplysningar når unntak er påkravd fordi innsyn ville "lette gjennomføringa av straffbare handlingar" eller "lette gjennomføringa av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette, eller som er trua av utrydding".
Det fylgjer av Rettleiar til offentleglova at for at unntaksalternativet om straffbare handlingar skal brukast må "for det fyrste dei aktuelle opplysningane vere av ein slik karakter at dei er nyttige ved utføring av straffbare handlingar." For det andre "må det vere ei viss fare for at opplysningane faktisk vil bli brukte på denne måten." Det er slått fast at det ikkje er "noko vilkår at den som ber om innsyn kan mistenkjast for å skulle bruke opplysningane til kriminelle føremål, men opplysningane må objektivt sett kunne brukast slik." Det er vidare slått fast at føresegna kan "gi høve til å gjere unntak for opplysningar som kan gjere utanforståande oppmerksame på moglegheita for å utføre ei straffbar handling." Som eksempel er nemnt "detaljerte opplysningar om kvar sjeldne fugleartar finst og liknande."
Når det gjeld unntaket at innsyn vil lette gjennomføringa av handlingar som kan skade delar av miljøet som er særleg utsette, eller som er trua av utrydding, fylgjer det av rettleiinga at dette dels vil "overlappe unntaket i § 24 tredje ledd fyrste punktum. Det finst likevel ein del miljøskadelege handlingar som ikkje er straffbare, slik at unntaket i tredje ledd fyrste punktum ikkje kan brukast. Dette blir vareteke gjennom unntaket i § 24 tredje ledd andre punktum andre alternativ."
Eg meiner at begge unntaka i offentleglova § 24 tredje ledd vil gjelde for detaljert informasjon om kvar ulven V862 oppheld seg i sanntid. Vi veit av erfaring at det har føregått ulovleg jakt og andre ulovlege handlingar, som utlegging av forgifta åte, retta mot ulv. Ulv er i fylgje Artsdatabanken si Norsk rødliste for arter 2015 ein kritisk trua art. Ulven V862 er i tillegg eit særleg viktig individ fordi den er av finsk-russisk opphav, og vil kunne bidra til å redusere graden av innavl i den sør-skandinavisk ulvebestanden som er sterkt prega av innavl. Detaljert informasjon om kvar ulven V862 er i sanntid, vil medføre ein risiko for at data kan nyttast til utføring av ulovleg jakt eller andre straffbare handlingar retta mot ulven V862. Denne informasjonen kan dermed skade ein utrydningstrua art, og eit individ som er særleg verdifullt. Eg viser og til at det i rettleiinga er vist til detaljerte opplysningar om kvar sjeldne fugleartar finst og liknande som eksempel på når unntaket i § 24 tredje ledd blir brukt.