Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:831 (2019-2020)
Innlevert: 31.01.2020
Sendt: 03.02.2020
Svart på: 07.02.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Det er eit generelt forbod mot å nytte sand på miltære flyplassar for å skape friksjon. Dette grunna skadar det kan føre til på underhengande last, sensorar, optikk, våpen og liknande. Evenes Lufthamn brukte 4264 tonn sand i sesongen 2016/17, Andøya brukte til samanlikning 100 tonn. Evenes har grunna si plassering nær sårbar natur eit lågt utsleppløyve av baneavisingskjemikaliar og forbod mot bruk av urea, det beste kjemikalet. I 2016/17, før militær aktivitet var lagt til Evenes, blei det likevel brukt 90.4% av det tillate utsleppet.
Korleis vil forsvarsministeren løyse dette problemet i høve Luftforsvaret sin aktivitet på Evenes flystasjon?

Grunngiving

Kjemikalieproblemet på Evenes, relatert til banepreparering går ut på å fjerne snø og is ved å brøyte samt bruke kjemikaliar på rullebanesystemet for å skape friksjon til hjula på flya. God friksjon betyr god bremseeffekt slik at flya kan bremse, styre og ikkje bli skyvd av banen grunna sterk vind. Evenes flystasjon har innanlandsklima medan militære flystasjoner som Bodø, Andøya og Ørlandet har kystklima. Innlandsklima med mange minusgrader på vinterstid bidrar til at kjemikala verkar dårlegare. Dersom ein flystasjon har avgrensa løyve på bruk av baneavisingskjemikaliar må sand nyttast som erstatning. Problemet for Evenes lufthamn er at ein har eit svært lågt utsleppsløyve kombinert med eit forbod mot bruk av sand, ettersom det fører til skade på militært utstyr. For sivil luftfart er ikkje dette eit stor problem, ettersom ein ikkje nyttar slikt sensitivt og kostbart utstyr og samstundes skiftar ut flyparken med jamne mellomrom (8-10 år). Det er ikkje gjort greie for korleis ein tenkjer å løyse denne utfordringa og klare å holde Evenes lufthamn operativ.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 3. februar 2020, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om korleis eg vil løyse utfordringane knytt til bruken av baneavisingskjemikaliar og sand for Luftforsvaret sin aktivitet ved Evenes flystasjon.

På Evenes bruker Avinor i dag ein kombinasjon av mekanisk rydding, avisingskjemikaliet Aviform og strøsand for å kunne oppnå tilstrekkeleg med friksjon for å sikre regulariteten for sivil lufttrafikk og samstundes overhalde utsleppsløyve frå Fylkesmannen i Nordland. Eg vil for ordens skuld gjere merksam på at det ikkje er eit generelt forbod mot å nytte sand på militære flyplassar, slik representanten har opplyst i spørsmålet.

Forsvaret og Avinor er i dialog for å sjå på moglege løysingar for å i større grad oppretthalde ein snø-/isfri overflate på rullebanane gjennom heile vintersesongen (svartbanestrategi). Avinor vil i samarbeid med Forsvaret gjennomføre testar på lufthamna for å få erfaring med ulike vinterdriftskonsept i inneverande vintersesong. Eit viktig mål med arbeidet er å sjå om auka mekanisk fjerning av snø og is kan kompensere for bortfall av sand, og om det resulterer i mindre behov for bruk av Aviform enn det som i anna fall ville vore tilfellet.

Forsvarsdepartementet har i tillegg gitt Forsvarets forskningsinstitutt (FFI) i oppdrag å sjå på alternativ til dagens kjemikaliebruk. FFI skal til dømes kartlegge alternative baneavisings-middel til Urea og Aviform og alternative løysingar til bruk av baneavisingsmiddel på dei operative flatene. Miljøeffekten av ulike løysingane skal vurderast, og det skal gjennomførast praktiske testar for å prøve ut dei alternativa som ut frå kartlegginga verker mest lovande. Det vil i arbeidet verta lagt vekt på å vurdere og eventuelt prøve ut løysingar som kan fungere på Evenes. FFI skal levere sin rapport til Forsvarsdepartementet medio 2021.

Det er med andre ord sett i gang både eit kortsiktig og eit meir langsiktig arbeid i samarbeid med samferdselssektoren og eigne forskingsmiljø for å sikre at krav til miljø og operative forhold blir tatt vare på. Arbeidet vil også kunne gje viktige resultat som kan nyttast på andre flyplassar.