Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:832 (2019-2020)
Innlevert: 31.01.2020
Sendt: 03.02.2020
Svart på: 07.02.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Forsvaret si kampkraft er i dag avgrensa av personellmangel, spesielt på personell i kategoriar med lang utdanning. Det krev auka opptak til forsvaret sine skular. Opptak må bygge på dagens og planlagt framtidig trong for personell, med tillegg av fråfall ut frå erfaring.
Har statsråden sett i verk tiltak for slik auka rekruttering, og dersom det ikkje er gjort, når planlegg ein å gjennomføre slike tiltak?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 03.02.2020, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om statsråden har sett i verk tiltak for ei auke i opptak til Forsvaret sine skular, og dersom det ikkje er gjort, når planlegg ein å gjennomføre slike tiltak.
Personellet er Forsvaret sin viktigaste ressurs, og personellmengda og kompetansenivået deira er difor ein helt sentral føresetnad for Forsvaret si kampkraft. Forsvarssjefen peikar i sitt fagmilitære råd på at auka personell er naudsynt for å møte den gjeldande tryggingssituasjonen. Korleis vi bør styrke Forsvaret, arbeider vi no med i samband med den nye langtidsplanen for Forsvaret.
Regjeringa har i tråd med Stortinget sitt vedtak sett i verk strukturelle grep for å møte dagens og framtidas kompetanseutfordringar. Det er innført allmenn verneplikt som aukar grunnlaget for rekruttering i framtida, ny militærordning som gjer det lettare å utveksle kompetanse med det sivile, og utdanningssystemet er endra og tilpassa militærordninga gjennom utdanningsreforma. Vi held fast ved at Forsvaret skal utdanne i militære fag, medan det sivile skuleverket skal levere anna utdanning der fylkeskommunane har fått eit forsterka ansvar for å levere eit tilpassa tilbod regionalt. Vi ser og at høgskular og universitet byrjar å dreie meir av utdanningstilbodet sitt mot næringslivet sitt behov. Forsvaret er i dialog med utdanningsinstitusjonar for å få tilpasse tilbodet til sitt behov.
Forsvarssjefen har ansvaret for å tilpasse utdanningsvolumet for Forsvarets skuler. Forsvaret rapporterer primært om auka behov for utdanning innanfor særskilde kompetansefelt, til dømes flyteknikarar til Luftforsvaret. Her jobbar Forsvaret med konkrete løysingar for auka utdanningsvolum. Eg kan og nemne som eit anna døme at Forsvaret har auka kvotane til flygarseleksjon og utdanning for å møte behovet for personell i denne kategorien.
Når Forsvaret si operative evne skal styrkast, er det naudsynt å bemanne sektoren med rett personell med rett kompetanse – på rett stad. Samstundes må kompetansestrukturen innrettast og balanserast for å ivareta både dagens og morgondagens behov. Fleksibilitet er derfor naudsynt for å sikre balanse. Det inneber at det framleis må tenkjast nytt når det gjeld kompetanseleiinga. I tillegg til auka utdanning, ser vi difor på auka tilgang på personell innanfor ramma av reservistordninga samt kompetansesamarbeid med bedrifter og andre sivile aktørar.
Det er mangel på personell innanfor fleire bransjar i Noreg og då bør vi dele meir på ressursane i framtida. Urbaniseringa gir og ei auka utfordring med å rekruttere og behalde personell på nokre av stadane Forsvaret har sine basar. Gjennom reservistordninga og partnarskap kan den einskildes kompetanse utnyttast til det beste for både Forsvaret og resten av samfunnet.
Personellet er Forsvaret sin viktigaste ressurs, og regjeringa vil ha fokus på å styrkje den militære kampkrafta gjennom ei tilstrekkeleg bemanning og ein balansert personellstruktur.