Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:982 (2019-2020)
Innlevert: 14.02.2020
Sendt: 17.02.2020
Svart på: 24.02.2020 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kva er årsaka til at Luftforsvaret har avgjort at kjemikaliar til baneavising ikkje skal nyttast på MPA-området ved Harstad/Narvik lufthamn, korleis skal Luftforsvaret sikre tilstrekkeleg banefriksjon utan kjemikaliebruk, og er dette utgreidd i form av ei ROS-Analyse?

Grunngiving

Rapporten Miljørisikovurdering av avisningskjemikalier – tilleggsbelastning ved Forsvarets tilstedeværelse skildrar at det er knytta stor usikkerheit til kor mykje baneavisingskjemikaliar det vil vere trong for i framtida, som konsekvens av klimaendringar og som konsekvens av at Forsvaret etablerer seg med QRA og MPA ved Harstad/Narvik lufthavn.
Lufthamna har eit svært lite utsleppsløyve på baneavisingskjemikaliear (35 000 kofg.) samanlikna med Bodø (546 000 kofkg) og Andøya (430 000 kofkg)
Harstad/Narvik lufthamn har i tillegg forbod mot å nytte Urea, Forsvarets føretrekte kjemikalie då dette ikkje er korroderande. Korrosjon på militære fly medfører store vedlikehaldskostnader og svekka operativitet.
I følgje rapporten frå Forsvarsbygg skal det nyttast baneavisingskjemikaliar på rullebana, taksebanesystemet, Avinors flyoppstillingsplassar, og taksebana til QRA sheltra. Luftforsvaret har bestemt at det ikkje skal brukast avisingsmidlar på MPA-området.
Det er ei oppsiktsvekkjande vurdering, og ein kan undrast om Forsvarets P-8 har lågare behov for banefriksjon enn andre flytypar som skal utføre oppdrag til og frå lufthamna.

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Eg syner til brev frå Stortingets president av 3. februar 2020, vedlagt spørsmål til skriftleg svar frå stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete om kva årsaka til at Luftforsvaret har avgjort at kjemikaliar til baneavising ikkje skal nyttast på MPA-området ved Harstad/Narvik lufthamn er, korleis Luftforsvaret skal sikre tilstrekkeleg banefriksjon utan kjemikaliebruk og om dette er utgreidd i form av ei ROS-Analyse.
Forsvaret sine vurderingar for bruk av kjemikaliar til baneavising på MPA-området var, i samband med rapporten representanten nemner, knytt til den opphavlege plasseringa av MPA-fasilitetane – alternativ 0. Luftfartstilsynet godkjente den 3. februar 2020 ei plassering av hangaren for dei maritime patruljeflya som ligg 300 meter lengre sør enn alternativ 0.
I vurderingane rundt ei eventuell ny lokalisering av MPA-området på Evenes flystasjon er det gjennomført innleiande diskusjonar med miljøstyresmaktene blant anna knytt til avrenning. Avrenning til omgjevnadane kan for den nye lokaliseringa ha større påverknad på naturvernområdet sør for flyplassen enn den opphavlege plasseringa. Det synes difor no formålstenleg å etablere ei meir robust løysing for handtering av overvatn frå plattformområdet som samstundes ved behov gjer det mogeleg å nytte kjemikaliar for avising av taksebanane og oppstillingsplassane i det nye MPA-området når det er naudsynt. I kombinasjon med andre metodar, vil det sikre tilstrekkeleg banefriksjon på MPA-området.