Skriftleg spørsmål fra Geir Adelsten Iversen (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:1083 (2019-2020)
Innlevert: 27.02.2020
Sendt: 28.02.2020
Svart på: 04.03.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Geir Adelsten Iversen (Sp)

Spørsmål

Geir Adelsten Iversen (Sp): Hva vil statsråden gjøre for å bedre ordningen med skadefelling av rovvilt?

Grunngiving

I en siida i Øst-Finnmark drepte gaupa 18 rein på to dager, og spiste kun tunga av dyrene. Kommunen har ikke et operativt skadefellingslag. Private fellingslag får ikke godtgjørelse for å dra ut i felt, de får kun dekket merutgifter til utstyr og drivstoff. Gaupejakt er vanskelig og krever særlig kompetanse.
Skadedyr som dreper kun for å drepe kan utgjøre stor skade på kort tid. Beitenæringene fortviler fordi det er vanskelig å få raskt uttak av skadevolder.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Dagens system er slik at løyve til skadefelling normalt vert gitt til ein kommune, og forsøk på felling vert gjennomført av eit lokalt fellingslag oppnemnt av kommunen. Det følgjer òg av rovviltforliket at Stortinget legg til grunn at kommunane etablerer lokale fellingslag. Noko av grunngjevinga for at løyve til skadefelling normalt vert gitt til kommunale fellingslag er at ein ønskjer mest mogleg profesjonell og effektiv gjennomføring av oppdraga. Staten betaler også godtgjering til gjennomføring av fellingsoppdrag, men føresetnaden er at fellingsoppdraget vert gjennomført av eit kommunalt fellingslag.
Fylkesmannen eller Miljødirektoratet, kan gi løyve til skadefelling til ein annan part saka gjeld dersom han søkjer om dette, men i slike tilfelle vert det altså ikkje utbetalt godtgjering utover dekning av direkte kostnadar ved oppdraget. Eg meiner dagens ordning, der godtgjering berre vert utbetalt til kommunale fellingslag, er riktig fordi det legg til rette for ei mest mogleg profesjonell og effektiv gjennomføring av skadefellingsoppdrag.
Eg er ikkje kjent med dei lokale tilhøva representanten viser til i ein ikkje namngjeven  
kommune i Øst-Finnmark, men eg vil oppmode om at dei saka gjeld tek kontakt med Fylkesmannen i Troms og Finnmark for ein nærare dialog om moglege tiltak.