Skriftleg spørsmål fra Aud Hove (Sp) til olje- og energiministeren

Dokument nr. 15:1790 (2019-2020)
Innlevert: 02.06.2020
Sendt: 03.06.2020
Svart på: 10.06.2020 av olje- og energiminister Tina Bru

Aud Hove (Sp)

Spørsmål

Aud Hove (Sp): Vil statsråden ta initiativ til ein gjennomgang av praksisen kring aktsomheitskarta og gjere den enklare, mindre kostnadskrevande for den enkelte og meir tydeleg for kva handlingsrom kommunane har i dag til å godkjenne enkle bygge- eller utbedringstiltak?

Grunngiving

Formålet og intensjonen med aktsomheitskarta for jord- og flomskred frå NVE er gode, men det viser seg at dei er veldig grovmaska og gjev uheldige utslag i mange kommunar og store kostnadar for mange grunneigarar.
Aktsomheitsområda gjeld område som kan vere utsett for flom, ras og skred og gjeld; hellande terreng. Aktsomheitskarta er nasjonale kart utarbeidd av NVE på oversiktsnivå og gjev eit bilde på kva område som bør vurderast nærare ved utbygging. Ved nybygg og påbygg til bustadar, hytter og driftsbygningar m.m. er kravet at det i løpet av tusen år ikkje skal vere sannsynleg at det går meir enn eitt skred. Områda er utpeikt på bakgrunn av digitale hydrologiske datamodellar og helningskart og har som oftast ikkje vore befart. I tillegg blir områda som blir avmerka som «aktsomheitsområde» lagt inn i kartet med ein sikkerheitsmargin for å vere på den sikre sida.
Praksisen ved bruk av aktsomheitskarta utløyser store kostnader for den enkelte som t.d. ynskjer å bygge.
Grunnen til at kommunane stiller krav om utredning er på grunn av at kommunen vil kunne risikere eit regresskrav frå forsikringsselskap om dei gjev løyve til at nokon bygger i eit område der aktsomheitskarta viser at det er ein teoretisk moglegheit for skred/ras/flom. Forsikringsselskapa vil i det lengste unngå utbetalingar og vil stille spørsmål ved den faglege utredninga.
Aktsomheitskarta, slik dei ligg i dag, kan sikkert brukast som regionale og nasjonale føringar ved planlegging av nye byggeområde til privat- eller næringsformål, men når karta blir så grovmaska at dei dekkjer omtrent heile kommunen og eksisterande eigedommar og bygg blir dette vanskeleg å handheve.
Det kan vere fleire løysingar her som at aktsomheitskarta bør bli meir detaljerte, at det blir utarbeidd faresonekart i alle kommunar eller at kommunane får ein klårare instruks og delegert mynde til å avgjere utan fordyrande rapportar for den enkelte.
Allereie utbygde tomtar og eigedommar innanfor det aktsomheitskartet som ligg der i dag bør ikkje få restriksjonar på alminneleg aktivitet og byggetiltak som er innanfor ramma av andre aktuelle regelverk. Kommunane har kunnskap om og lokal kjennskap til sine område og bør kunne gje dispensasjon frå reglane der kartet verkar heilt urimeleg.

Tina Bru (H)

Svar

Tina Bru: Eg forstår godt at det kan opplevast krevjande med avgrensingar på utbygging, spesielt i områder ein opplever som trygge og har budd lenge. Samtidig er styring av arealbruken gjennom god arealplanlegging avgjerande for å motverke tap og skader frå flaum og skred.
Aktsemdskarta er nasjonalt dekkjande kartseriar som viser område som potensielt er utsette for fare. Det er brukt landsdekkjande terrengmodellar. Det er ikkje gjort feltarbeid ved utarbeiding av karta, og det er heller ikkje vurdert lokale effektar som klima, skog eller sikringstiltak. Dette betyr som representanten peikar på at resultata er grove. NVE prioriterer heile tida å forbetre aktsemdskarta. Den statlege bistanden til å gjennomføre flom- og skredkartlegging er auka betydeleg under denne regjeringa.
Plan- og bygningslova er eit viktig verktøy for å ivareta omsynet til samfunnssikkerheit i arealplanlegging og byggesaksbehandling. Kommunen har som bygningsmynde ansvaret for å sjå til at tilstrekkeleg sikkerheit mot flaum og skred er dokumentert i den enkelte bygge- eller dispensasjonssaka. Etter plan- og bygningslova kan ikkje kommunen gi løyve til ny utbygging viss det ikkje er dokumentert at byggegrunnen er tilstrekkeleg sikker. Tiltakshavar har ansvar for å dokumentere overfor kommunen at kravet til sikker byggegrunn er oppfylt. Byggteknisk forskrift angir kva for sikkerheitsnivå som gjeld for ulike typar utbygging.
NVE gjev råd og rettleiing til kommunane når det gjeld krav til sikkerheit og til arealplanar og bygge- og dispensasjonssaker. Aktsemdskarta er i praksis det viktigaste hjelpemidlet for å avklare om eit område er tilstrekkeleg sikkert mot flom eller skred, eller om det er nødvendig med meir detaljerte utgreingar.
I alle regulerings- og byggesaker er det krava til sikkerheit i Byggteknisk forskrift som gjeld. Aktsemdskarta endrar ikkje på dette. Utan aktsemdskarta er det tiltakshavar eller kommunen som måtte syte for naudsynt dokumentasjon av sikkerheita etter plan- og bygningslova og forskrifta.
Aktsemdsområda vil som oftast kunne justerast ved ei nærare kartlegging av faren. I dei fleste tilfelle vil dette krevje fagleg ekspertise. Nokre gonger er forholda slik at ein ser at aktsemdskartet ikkje kan stemme. I slike høve kan kommunen sjølv gjere ei konkret vurdering om den har kompetanse til det, men slik at vurderinga kan etterprøvast.
Eg er klar over at aktsemdskarta er grove, men meiner samstundes at slike kart har ein viktig funksjon. Det er viktig å gjere karta betre, men det grunnleggjande er at vi må gjere det vi kan for å ikkje byggje oss inn i nye fareområde.