Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:2033 (2019-2020)
Innlevert: 24.06.2020
Sendt: 24.06.2020
Svart på: 01.07.2020 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Korleis kan grendelaget gå fram for å ta vare på denne turistattraksjonen?

Grunngiving

I Kvam herad i Vestland ligg det i nærleiken av Øystese ein turistattraksjon kalla Gullfiskavatnet (Skårsvatnet).
Gullvederbuk vart sett ut der for over 100 år sidan og klarte seg greitt der. På 60-talet vart det satt ut stingsild som skulle vere mat til denne gullfisken. Det viste seg å ha motsatt effekt, stingsilda et nemlig opp rogna til gullfisken. Det har vorte gjort forsøk på å fjerna stingsild men det har ikkje lukkast. På 80-tallet vart det gjort forsøk på å kultivert gullfisk som hadde god effekt på tilvekst.
For nokre år sidan ynskte Soldal og Porsmyr grendautvalg å starte opp att med kultivering. Det gjekk ikkje for då var regelverket endra, slik at fisk som er sett ut i ferskvatn etter år 1600 ikkje er lov til å hjelpa å overleva. Dette er det som fylkesmannen informerte grendelaget om då dei ville starta kultivering igjen. Grendelaget kunne fjerne stingsild men ikkje kultivert gullfisk sa dama Fylkesmannen.
På 80 tallet var dette eit arbeid som vart gjort i regi av grendautvalget.
Gullfisken er i dag ein stor turistattraksjon der mange hundre mennesker er innom kvar dag i sommermånedene.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Eg har forståing for ynsket om å ta vare på turistattraksjonar. Samstundes er det naudsynt å hindre spreiing av framande artar. Slike artar er eit stadig større trugsmål mot naturmangfaldet i ferskvassøkosystema våre. Fisk som har vorte sett ut kan mellom anna fortrengje stadeigne artar og forstyrre lokale økosystem. Spreiinga skuldast i utgangspunktet utsetjingar som er gjorde av menneske, med påfølgjande spreiing frå lokalitetane. Spreiing av skadelege framande arter kan føre med seg store kostnader for samfunnet, mellom anna knytt til tiltak for nedkjemping, og på grunn av redusert verdiskaping i lokalsamfunnet og mindre høve til fritidsfiske.
Forskrift om framande organismar under naturmangfaldlova har til føremål å hindre mellom anna utsetjing som kan ha uheldige fylgjer for naturmangfaldet. På grunn av den negative innverknaden framande arter har på naturmangfaldet i ferskvatn, har det i mange år ikkje vorte gitt løyve til utsetjing av framande fiskeartar i ferskvatn. I dag er det berre aktuelt å gje løyve til å kultivere vatn med stadeigen fisk, i samsvar med nasjonale og regionale kultiveringsplanar.
Gullvederbuk er ein karpefisk som ikkje høyrer naturleg heime i naturen på Vestlandet. Fisken er ein variant av den regionalt framande arten vederbuk. Utsetjing av nye individ av gullvederbuk vil auke talet på fisk i vatnet og med det risikoen for vidare spreiing, primært ved at menneske tek med seg fisk og sett den ut i nye vatn. Fisken kan òg vere berar av sjukdommar og parasittar som kan gjere skade på naturmangfaldet.
Det er Miljødirektoratet som er ansvarleg myndigheit etter forskrift om framande organismar. Ein eventuell søknad om løyve til å setje ut gullvederbuk i Skårsvatnet må handsamast og vurderast nærare av direktoratet.