Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2034 (2019-2020)
Innlevert: 24.06.2020
Sendt: 24.06.2020
Svart på: 02.07.2020 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Korleis kan ein gård som Bakketun gård gå fram for å få naudsynte løyver til å produsere fleire egg?

Grunngiving

Plattformen regjeringen styrer på seier: Lokal matproduksjon er viktig for fremtidens landbruk. Markedet for «lokalmat» og økologisk mat vokser, og økt forbrukerorientering kan gi landbruket flere ben å stå på. Regjeringen vil stimulere til større mangfold ved å øke satsingen på geografisk opprinnelsesmerking og spesialitetsmerking.
Vidare seier samme plattform: Sikre et landbruk over hele landet, og styrke arbeidsdelingen i norsk jordbruk slik at arealer til korn- og grøntproduksjon opprettholdes, mens tyngden av den gressbaserte husdyrproduksjonen blir liggende i distriktene.
Tirsdag denne veka besøkte eg Bakketun gård i Bergen kommune. Dette er ein lokal produsent av egg som leverer til ein frittståande lokal grossist som igjen leverer til lokale butikkar på tvers av kjedene og gjer at egg produsert i Vestland fylke og blir seld i fylket. På den måten sparar ein miljøet med at egga ikkje fyrst skal sendast til austlandet og deretter tilbake til butikkhyllene i Vestland. Dette er et enkelt eksempel på hvordan 7 000 egg pr. dag, som blir produsert i Vestland og skal konsumeres i Vestland, gjennom lokal samhandling kan gå fra produksjon til matfat på få dager uten at varen har krysset fylkesgrensen på sin vei gjennom hele verdikjeden.
No er det slik at gården har kapasitet til å produsere meir. Dette trengs og for å skape betre lønnsomhet og utnytte investeringane betre. Den lokale forbruker har omfavnet eggene og den lokale grossisten har difor større etterspørsel fra sine lokale kunder og ynskjer å kjøpe meir egg. Altså bonden kan og vil produsere fleire egg og kjøparane står i kø.

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad: Det vert i spørsmålet opplyst om at det på Bakketun gard i Bergen kommune vert produsert 7 000 egg per dag, som om lag er grensa for konsesjonsfri drift etter husdyrkonsesjonsregelverket med eit produksjonsomfang på 7 500 høner.
Eg vil presisere at eg ikkje kan gå inn i nokon handsaming av denne einskilde saken. Men eg vil i det følgjande gi generell informasjon om husdyrkonsesjonsregelverket.
Formålet med dette regelverket er å oppretthalde ein differensiert bruksstruktur gjennom å fordele dei kraftfôrbaserte husdyrproduksjonane med basis i familiejordbruket.
Husdyrkonsesjonsreglane set grenser for driftsomfanget i svine- og fjørfeproduksjon per jordbruksføretak. Reguleringa gjeld berre primærproduksjon, og i vurderinga av kor stor husdyrproduksjonen kan vere per føretak, skal det ikkje leggjes vekt på moment som kor stor etterspurnad det er etter jordbruksråvarer og foredla produkt.
Etter lov og forskrift om regulering av svine- og fjørfeproduksjon gir regionalpolitiske tilhøve ikkje grunnlag for å innvilge konsesjon.
Landbruket sine ressursar er utgangspunkt for eit mangfald av produkt og tenester. Regjeringa arbeider for at det samla ressursgrunnlaget til landbrukseigendommen skal utnyttast betre, og har difor over jordbruksavtalen sett av vesentleg med midlar til produksjon og sal av lokale matprodukt. Dette har medverka til auka profesjonalisering og stor vekst innan lokalmatområdet.