Skriftleg spørsmål fra Silje Hjemdal (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:271 (2020-2021)
Innlevert: 28.10.2020
Sendt: 28.10.2020
Svart på: 06.11.2020 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Silje Hjemdal (FrP)

Spørsmål

Silje Hjemdal (FrP): I et oppslag på nettsiden til NRK Vestland ser vi at Statens Veivesen nekter Røde Kors å bruke en 300 meter lang veistubb inn til Rød Kors-Hytten. De pålegges å bruke helikopter, noe som medfører store ekstrautgifter og merarbeid.
Vil statsråden vurdere tiltak som gjør det mulig for Røde Kors å bruke veien inn til sin egen hytte?

Grunngiving

Sak i https://www.nrk.no/vestland/fekk-ikkje-bruke-vegen-_-matte-fly-300-meter-med-helikopter-1.15215930 som tar for seg at Røde Kors ikke får bruke en kort veistubb inn til sin egen hytte, og at heller ikke funksjonshemmede får adgang til veien.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: Den Trondhjemske postveg er eit nasjonalt viktig kulturminne, bygd på slutten av 1700-tallet. Det er viktig å ta vare på veghistoria vår. Statens vegvesen er eigar av veggrunnen til den Trondhjemske postvegen. I tillegg har Statens vegvesen også eit kulturminneansvar for historiske vegar gjennom sitt sektoransvar. Den Trondhjemske postveg er ei historisk rute som no er nedlagt som offentleg veg. Vegen er ikkje bygd for motorisert ferdsel, og all slik ferdsel har potensiale til å gjera skade på vegen. Det tyngste vegen er bygd for, er hest og kjerre.
Det ligg strenge restriksjonar på bruk av dei historiske rutene. Sjølv om Statens vegvesen er eigar av vegen, er ansvaret for drift og vedlikehald av postvegen lagt til brukarane av vegen.
Dette var også bakgrunnen for skjøtselsplanen som vart utarbeidd i 1998 av Gaular og Førde kommunar (no Sunnfjord kommune saman med tidlegare Jølster og Naustdal kommunar). Denne skjøtselsplanen regulerer bruk av den Trondhjemske postvegen på Langeland.
I skjøtselsplanen er det berre opna for motorisert ferdsel knytt til næring som landbruk og skogsdrift. Dette bør da skje på frossen og tørr veg. Tiltaka Røde Kors søker om er i strid med punkt 4 og 5 i skjøtselsplanen. Skjøtselsplanen er vidare regulert i reguleringsplan for Langeland, vedteken i 2013, jf. føresegn § 13.6. Tiltaka Røde Kors søker om, er difor ikkje i tråd med vedteken reguleringsplan.
Då Røde Kors i juli 2020 søkte om å få nytte vegen, vart det ikkje søkt om dispensasjon etter plan- og bygningslova, sjølv om tiltaket var i strid med vedteken reguleringsplan. Kommunen er planmyndigheit, og det er den som må svare på spørsmål om handheving av den vedtekne reguleringsplanen. Røde Kors søkte om løyve etter lov om motorferdsel, og kommunen fatta vedtak (§10) om dette trass i at både Statens vegvesen og Vestland fylkeskommune hadde stilt seg negative til søknaden etter synfaring i juni 2020. Løyvet etter motorferdslelova vart seinare trekt tilbake etter klage frå Statens vegvesen.
I forarbeidet med Statens vegvesen si uttale til Røde Kors sin søknad vart det utført ei kartlegging av strekninga som er ønskt nytta til vedlikehald av hytta og til transport av rørslehemma som tingar hytta. Kartlegginga viser at den bruken det er søkt om kan medføre skader på vegkroppen og grøfter i form av setningar og hjulspor. Tiltakshavar gav også lite informasjon i sin søknad om kor omfattande bruken ville vere. Eit eventuelt løyve til omsøkt bruk av postvegen ville vore avhengig av tilhøve som mellom anna frost i bakken, opphaldsvêr, samt strenge avgrensingar på aksellast. Det vil òg vere svært krevjande å passe på at bruken er i samsvar med eit slikt løyve.
Statens vegvesen har i sin uttale ikkje pålagt Røde Kors å bruke helikopter, men vist til dette som eit alternativ til køyring på postvegen.
Eg vurderer at Statens vegvesen i denne saka har forvalta kulturminneansvaret som etaten har for den Trondhjemske postvegen på forsvarleg vis. Søknad om bruk av den historiske vegen må handhevast av kommunen i samsvar med den vedtekne reguleringsplanen. Statens vegvesen er open for dialog med Røde Kors og Sunnfjord kommune om saka om dei ønsker det, slik at dei saman kan sjå på andre alternative løysingar for området.