Skriftleg spørsmål fra Ole André Myhrvold (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:838 (2020-2021)
Innlevert: 04.01.2021
Sendt: 04.01.2021
Svart på: 06.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Ole André Myhrvold (Sp)

Spørsmål

Ole André Myhrvold (Sp): Hvilke vurderinger ligger bak plasseringen av Deisjø-paret til Våler og Sarpsborg kommuner, og hvordan er hensynet til prinsippet om byrdefordeling vurdert?

Grunngiving

3. januar klokken 18.07 mottok Sarpsborg og Våler kommuner i Østfold brev fra Miljødirektoratet om at Deisjø-paret ville bli utplassert i deres kommuner.
Østfold har allerede et stort rovdyrtrykk fra ulv, og det finnes revirhevdende ulv i området. Området fikk den første familiegruppen av ulv så lang tilbake som til 1998.
I tillegg til at Østfold er et relativt tett befolket området brukes skogområdene av befolkningen til rekreasjon og friluftsliv, samt beitebruk.

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Den sør-skandinaviske ulvebestanden har særs høg grad av innavl, og i gjennomsnitt har ulvane eit slektskap likt det ein finn hjå heilsøsken. Det er ein alvorleg situasjon, og kan på sikt truge bestanden si overleving. Skal ein unngå det er det avgjerande at nye ulvar vandrar inn frå Finland/Russland og reproduserer seg for å redusere graden av innavl.
Leiarhannen i det tidlegare Deisjøreviret er nettopp ein slik innvandra og genetisk verdifull ulv. Det er derfor viktig at dette individet ikkje blir felt. Den genetisk verdifulle ulven og hans make nytta areal både innanfor og utanfor ulvesona. Sidan Stortinget vedtok at det skal opnast for lisensfelling også i delar av Deisjøreviret utanfor ulvesona, var det nødvendig å flytte ulveparet godt inn i ulvesona, der Stortinget har vedtatt at det skal vere ynglande ulv.
Stortinget har som kjent bestemt at vi skal ha ei tydeleg soneforvaltning i Noreg, og det er eit av dei sentrale prinsippa i gjeldande rovviltpolitikk. Det inneber at rovdyr skal ha prioritet i dei områda som er peika ut for desse artane, slik som ulvesona, og andre interesser skal tilpasse seg førekomsten av rovdyr i slike område. I beiteprioriterte område utanfor dei prioriterte rovdyrområda skal det vere låg terskel for å opne for felling av rovdyr. Samtidig har forvaltninga dei seinare åra praktisert å rullere på byrden ved ta ut ulv i revir innanfor ulvesona som har eksistert over fleire år.
Med dette som bakgrunn gav Klima- og miljødepartementet 11. desember 2020 Miljødirektoratet ved Statens naturoppsyn i oppdrag å omgåande flytte paret, innanfor det Miljødirektoratet ved Statens naturoppsyn vurderte som fagleg forsvarlege rammer.
Ulveparet vart 3. januar lokalisert, bedøva og radiomerka av Statens naturoppsyn. Når det gjeld kvar ulvane skulle flyttast til, har fleire område vore vurdert etter kvart som informasjonen frå overvakinga har kome inn. Området sør for E18 og vest for Glomma vart til slutt valt. Her finn vi det største området utan kjente revir for ulv frå førre vinter. Det er store skogsområde her, og det er god avstand til reviret dei er flytta frå. Forvaltninga har per i dag ingen kunnskap om andre revirmarkerande par i dette området.
Flytting av store rovdyr er komplisert og risikofylt, og det er viktig at ulvane får ro i etterkant av ei flytting. Vi ønskjer ikkje at nysgjerrige skal oppsøkje det aktuelle området der ulvane blir slopne ut. Fordi bedøving, merking og påfølgjande flytting er komplisert og mellom anna krev gode vêr- og sporforhold, er det stor usikkerheit om tidspunkt for flytting. I tillegg må forvaltninga heile tida gjere fortløpande vurderingar av kva for område som er mest aktuelt å flytte ulvane til ut frå det ein samtidig gjer av registreringar i bestandsovervakinga av ulv innanfor ulvesona. Derfor vart kommunen og grunneigar først varsla om flyttinga sundag kveld. Ut frå tidlegare erfaringar med flytting av ulv veit vi også at det er usikkert kor ulvane vil ta vegen vidare, og det er derfor ikkje slik at ein utan vidare kan leggje til grunn at dei blir verande i området dei no er sleppt fri i.