Skriftleg spørsmål fra Ingrid Heggø (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:859 (2020-2021)
Innlevert: 05.01.2021
Sendt: 05.01.2021
Svart på: 11.01.2021 av finansminister Jan Tore Sanner

Ingrid Heggø (A)

Spørsmål

Ingrid Heggø (A): Stortinget har vedteke fritak for elavgift for solenergi til eige forbruk avdi ein ønska meir solenergi. Finansdepartementet krev elavgift frå burettslag for solenergi som burettslaget sjølv produserer dersom dei ikkje distribuerer via eige nett, noko som er ulovleg pga monopol.
Korleis og når vil finansdep. endre denne forskrifta slik at den ikkje lenger er til hinder for gode solcelleprosjekt, og såleis oppfylle Stortinget sitt ønske om meir solcelleenergi?

Grunngiving

Stortinget vedtok i 2017 at solcellekraft til eige bruk skal vera friteke for elavgift. Dette avdi Stortinget var klar på at ein ønska meir solkraft. Likevel er det komme ei forskrift som i praksis stansar solenergianlegg bla i burettslag. Denne forskrifta krev at avgiftsfritak for solcelle straum er avhengig av at det vert bygd eit internt kraftnett i burettslag som distribuerer straumen rundt i bygget. Energilova ser på nettutbygging som ei monopoloppgåve og forbyr oppbygging av parallelle nett. Oslo kommune gjev tilskot til bruk av solenergi, men finansdepartementet sine forskrifter stopper gode prosjektet, og er etter mitt syn ikkje i tråd med Stortinget sin vilje om å få meir solenergi, ved å la også solenergi vere friteke frå elavgift. Frå før var små vind og vasskraft friteke. Vi kunne lese i DN den 4. januar om Funkisgården på Torshov i Oslo, der prosjektet vert stoppa nettopp av denne forskrifta.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Solcellefritaket er omtalt i Prop. 1 LS (2020–2021) Skatter, avgifter og toll 2021, sjå punkt 10.6 på side 218.
Solcellestrøm er fritatt for elavgift når den er til eigen bruk, produsert i eigne solcelleanlegg, og går direkte via internt leidningsnett frå solcelleanlegget til forbrukarens bygning.
Kravet til eiget leidningsnett kan gjere det vanskeleg blant anna for burettslag å utnytte fritaket. Årsaka er at abonnentane normalt får elektrisiteten levert over det ordinære leidningsnettet.
Skattedirektoratet har i samråd med Norges vassdrags- og energidirektorat greia ut alternative endringar for å utforme fritaket på eit betre vis og innan ramma av statsstøtteregelverket/EØS-avtalen.
Finansdepartementet vurderer no forslag til endringar i samråd med Olje- og energidepartementet. Eg ser difor fram til å komme tilbake til saka så snart som mogleg.