Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til næringsministeren

Dokument nr. 15:919 (2020-2021)
Innlevert: 12.01.2021
Sendt: 13.01.2021
Rette vedkommende: Landbruks- og matministeren
Svart på: 20.01.2021 av landbruks- og matminister Olaug Vervik Bollestad

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Vil regjeringa syte for at EU sin del av den norske marknaden av landbruksvarer til Noreg vert redusert minst like mykje som Storbritannia sin del av den same marknaden var før Brexit?

Grunngiving

Etter Brexit skal Storbritannia og Noreg drøfte handelsavtalar på ulike område. Landbruk er eit viktig område, der regjeringa må sikre at den totale importkvota frå EU og Storbritannia ikkje vert større enn den var før Brexit.

Olaug Vervik Bollestad (KrF)

Svar

Olaug Vervik Bollestad: I grunngjevinga for spørsmålet skriv Navarsete at regjeringa må sikre at den totale importkvota frå EU og Storbritannia ikkje vert større enn den var før brexit.
Utanriksministeren svarte 20. november 2020 på eit liknande spørsmål frå representanten Emilie Enger Mehl. Vi viser også til dette svaret samt vårt svar på spørsmål nr. 918 frå representanten Navarsete.
At Storbritannia har gått ut av EU endrar ikkje avtalane som Norge har inngått med EU om handel med landbruksvarer, slik dei er vedtatt av Stortinget. Dette gjeld blant anna Artikkel 19-avtalene, som regulerer importkvotane på landbruksvarer frå EU og norske eksportkvoter på landbruksvarer til EU. Avtalane er inngått med EU, ikkje med medlemsland i EU.
Når det gjeld ostekvoten på 2480 tonn som er bunde i WTO, er situasjonen ein annan. Her har Noreg foreslått, og EU akseptert, at Storbritannia kan få ein del av denne kvoten. Det vil seie at 299 tonn blir tildelt Storbritannia slik det er gjort i den midlertidige vareavtalen mellom Noreg og Storbritannia som blei sett i verk 1. januar. Oppdelingsprosessen er allereie gjennomført i WTO. Saka har vore på høyring blant medlemsland i WTO i tre månader, og det er ingen innvendingar til oppdelinga. Oppdelingsmetoden som er brukt er den same som EU og Storbritannia har brukt for EUs WTO-kvoter.
Tilsvarande gjeld ikkje for tosidige importkvotar som ikkje er bundne i WTO. Storbritannia får ikkje med seg ut av EU ein del av slike kvoter.
Storbritannias utgang av EU endrar heller ikkje andre handelsavtalar Noreg har inngått med EU, blant anna dei avtalane som regulerer 49 tollfrie kvoter for norsk sjømat til EU. Desse kvotene vil også bli vidareført som før.
Slik det går fram av mitt svar på representantforslaget i Dokument 8:66 S (2020-2021), meiner regjeringa at det ikkje er rett å krevje reforhandlingar av våre landbruksavtalar med EU på bakgrunn av at Storbritannia har gått ut av EU. Det er i svaret vist til at det ikkje er rettsleg grunnlag for å krevje reforhandlingar med ei slik grunngjeving. Vidare gir ikkje erfaringane frå tidlegare forhandlingsrundar grunnlag for å tru at EU einsidig vil akseptere reduserte importkvotar for landbruksvarer til Noreg.
Noreg forhandlar no om ein handelsavtale med Storbritannia som også omfattar landbruksvarer. Eit viktig siktemål for forhandlingane er at sensitive norske landbruksinteresser skal takast vare på. Dette er bakgrunnen for at regjeringa har arbeidd fram osteløysinga i WTO.