Skriftleg spørsmål fra Emilie Mehl (Sp) til klima- og miljøministeren

Dokument nr. 15:941 (2020-2021)
Innlevert: 13.01.2021
Sendt: 14.01.2021
Svart på: 23.01.2021 av klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn

Emilie Mehl (Sp)

Spørsmål

Emilie Mehl (Sp): Hva er de totale kostnadene knyttet til operasjonene med flytting av Elgå-ulven i 2019 og Elgå-ulven med Deisjø-tispa i 2021, inkludert leie av helikopter og skyttere, transport, medikamenter, kostnader til ansatte som har overvåket òg sporet ulven over vanlige arbeidsdager og helg/helligdager, ekstraarbeid i forvaltningen og andre påløpte utgifter?

Sveinung Rotevatn (V)

Svar

Sveinung Rotevatn: Fordi oppdraget nyleg er gjennomført ligg det ikkje føre ein eksakt oversikt over alle kostnadar, og tala er derfor førebelse. Sjølv om det kan bli nokre endringar er det likevel ikkje forventa at det blir store avvik frå dei estimerte kostnadane vi har per no.
Å isolere kostnadar knytt til eit slikt oppdrag er ikkje heilt rett fram fordi det ikkje er slik at alt arbeidet er å rekne som meirkostnadar. Til dømes blir det ikkje riktig å legge til alle timane Statens naturoppsyn (SNO) eller andre delar av forvaltninga har brukt i samband med denne saka. Det meste arbeidet ligg innanfor det som blir rekna som ordinært arbeid for dei tilsette, slik som at forvaltingsmerking er ei av kjerneoppgåvene for dei fast tilsette i SNO. Eit konkret eksempel er at merketeamet som gjer arbeidet frå helikopter er fast tilsette fellingsleiarar i SNO, og oppdraga ligg dermed innanfor det som er å rekne som ordinært arbeid for disse tilsette. SNO og andre delar av forvaltninga som er involvert i slike saker er med andre ord godt førebudd for slike hendingsstyrte oppdrag utan at det kjem til store ekstra kostnadar utover det ein allereie har tatt høgde for gjennom forvaltninga si beredskap.
Når det gjeld det som kan omtalast som meirkostnadar knytt til merking og flytting av ein hannulv frå Elgå inn i ulvesona i november 2019 var det på om lag kr 50 000. Utover det som er innanfor ordinært arbeid og avtalerammer var meirkostnadane knytt til bruk av helikopter på kr 37 230 (ekskl. mva.) og leie av feltbase nært merkestaden på kr 11 637,50 (ekskl. mva.).
Den vidare oppfølginga av ulven i 2020 gjekk inn i det ordinære arbeidet på lik linje med oppfølging av andre ulvar, og arbeidet medførte såleis ikkje meirkostnadar utover det som allereie er lagt opp til i overvakingsarbeidet av ulv i Noreg.
I samband med oppdraget om flytting av Deisjøparet, som vart gitt som følgje av Stortinget sitt oppmodingsvedtak om å opne for lisensjakt i området, har meirkostnadane vore noko større. Ei årsak er at det i desember 2020 ikkje låg føre ein fast avtale med veterinær. Kostnadane knytt til beredskap og bistand frå veterinær kan såleis i dette tilfellet reknast som meirkostnadar som summerer seg til om lag kr 400 000 for desember 2020 og januar 2021. I tillegg kjem det til direkte kostnadar for bruk av helikopter på om lag kr 130 000 (ekskl. mva) og leige av feltbase nært merkestaden på om lag kr 25 000 (ekskl. mva). Total meirkostnad ved arbeidet har dermed vore om lag kr 560 000.
I tillegg kjem meirkostnadane det er gjort greie for over kjem det til noko kostnadar i samband med bruk av GPS-halsband, som til dømes aktivering, abonnement og dataleveranse. Dei totale meirkostnadane for arbeidet med flytteoppdraga i 2019 og 2021 er dermed estimert til om lag kr 620 000, der kr 400 000 er knytt til bistand og beredskap frå veterinær. Eg vil samtidig understreke at også det som er rekna som meirkostnader knytt til dei to flytteoppdraga er noko det er tatt høgde for i driftsbudsjettet til SNO for gjennomføring av ekstraordinære tiltak i rovviltforvaltninga.