Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1676 (2020-2021)
Innlevert: 17.03.2021
Sendt: 17.03.2021
Svart på: 24.03.2021 av finansminister Jan Tore Sanner

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): Kva er det faglege belegget for at forsinkelsesrente på utsetting av skatteinnbetalingar mv. er nødvendig med omsyn til økonomisk risiko for staten, og kva vil regjeringa gjere for å avgrense dei ekstra likviditetsutfordringane forsinkelsesrenta skapar når krava skal betalast tilbake?

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: I den første tida etter virusutbrotet vart det sett i gang fleire tiltak for å betre likviditeten for næringslivet. Mellom anna vart forfall utsett på meirverdiavgift, forskotsskatt, arbeidsgjevaravgift og finansskatt på løn og nokre særavgifter. Den samla likviditetseffekten vart berekna til i overkant av 130 mrd. kroner då nivået på utsetjingane var på det høgaste i mai/juni 2020. Desse utsetjingane var rentefrie og omfatta alle. Tiltaket var difor lite målretta.
Då regjeringa skulle vurdere nye tiltak, vart det lagt vekt på at desse skulle vere meir målretta. Ein ville så langt som råd avgrense skatteutsetjingar til verksemder og næringsdrivande med likviditetsproblem som følgje av virusutbrotet og smitteverntiltaka. Frå juni 2020 vart det difor innført ei mellombels utsetjingsordning for dei fleste skatte- og avgiftskrav m.m. med rente. Ordninga skulle ikkje vere lønsam for føretak utan likviditetsproblem. Det vart også lagt vekt på at renter på skatteutsetjingar ville gje verksemder og næringsdrivande eit insentiv til å finne løysingar i marknaden for å dekkje likviditetsbehovet.
I samsvar med forslaget i Prop. 107 LS (2019-2020) vart forseinkingsrenta sett til 6 pst. i perioden 10. juni til 31. desember 2020. Den lågare forseinkingsrenta var ikkje knytt opp mot krava som det var gjeve betalingsutsetjing for, men gjaldt generelt for skatte- og avgiftskrav m.m. Då ordninga vart forlenga frå 1. januar 2021, vart renta sett lik den ordinære forseinkingsrenta, som for tida er 8 pst, sjå omtale i Prop. 1 S Tillegg 1 (2020-2021) og Prop. 79 S (2020-2021). Dette vart gjort for å hindre at skattytarar nedprioriterer skatte- og avgiftskrav til fordel for private krav.
Ifølgje tal frå Skattedirektoratet er det utsetjingar i ordninga på om lag 5 mrd. kroner per 1. mars 2021. Det er lagt opp til at tilbakebetaling kan skje i seks like månadlege avdrag frå 30. juli 2021. Det vil bidra til å avgrense eventuelle likviditetsutfordringar ved innbetaling av krava.