Skriftleg spørsmål fra Fredric Holen Bjørdal (A) til finansministeren

Dokument nr. 15:1748 (2020-2021)
Innlevert: 23.03.2021
Sendt: 23.03.2021
Rette vedkommende: Næringsministeren
Svart på: 07.04.2021 av næringsminister Iselin Nybø

Fredric Holen Bjørdal (A)

Spørsmål

Fredric Holen Bjørdal (A): I tilskotsordninga for føretak med stort omsetningsfall er føretak som har vore overdragar eller overtakar i ein fisjon 1.1.20 eller seinare, ikkje omfatta av tilskotsordninga. Det synest strengt at ein fisjon som er forretningsmessig begrunna og gjennomført før 12.3.20, til dømes for å avgrense risiko mellom verksemdsområde, skal vere grunn nok til å avskjere eit føretak frå tilskotsordninga når vilkåra elles er oppfylte.
Har regjeringa grunn til å tru at føretak bevisst og illojalt fisjonerer seg inn i tilskotsordninga med det føremål å auke tilskotet, eller vil regjeringa lempe på dette kravet, særleg for å kome i møte dei føretaka som gjennomførte lenge planlagde fisjonar 1.1.20 utan tanke for pandemien?

Iselin Nybø (V)

Svar

Iselin Nybø: Eg har utarbeidd svaret i samråd med finansminister Jan Tore Sanner. Premissen for å få støtte etter tilskotsordninga er at føretaket har hatt eit fall i omsetnad. Ein måler fallet ved å samanlikne omsetnaden i to periodar: perioden ein søkjer om tilskot for og ein referanse- eller samanlikningsperiode. Samanlikningsperioden er normalt tilsvarande periode året før, men for nyetablerte føretak som ikkje har omsetnad frå året før, kan ein nytte januar–februar 2020 som samanlikning, dvs. den siste «normale» perioden før pandemien sette inn.
Handsaming av fisjonerte føretak er noko ulik i tilskotsordninga som gjaldt for perioden mars–august 2020 som Skatteetaten har forvalta, og tilskotsordninga som har gjeldt frå september 2020, som Brønnøysundregistera forvaltar. I ordninga frå mars til august 2020 kan føretak som har fisjonert etter 1. januar 2020, søkje om tilskot. Føretak som har blitt nystifta i samband med fisjon, har hatt same moglegheit til å søkje og få tildelt tilskot som andre nystifta føretak. For å kunne få støtte frå tilskotsordninga som gjaldt for perioden mars–august 2020, var det mellom anna stilt vilkår om at føretaket måtte ha vore registrert seinast 1. mars 2020. For at eit føretak som har vore stifta i samband med fisjon i 2020 skulle kunne søkje om tilskot i ordninga, måtte fisjonen ha blitt gjennomført før 1. mars 2020.
I samband med etableringa av tilskotsordninga som gjeld frå og med september 2020, vart handsaminga av fisjonerte føretak noko revidert. Regelen i forskrifta for tilskotsordninga etter august 2020 om at den som har overdratt eller overtatt verksemd som følje av ein fisjon 1. januar 2020 eller seinare, ikkje er omfatta av ordninga, skuldast at ein må kunne vise til ein relevant samanlikningsperiode for det same føretaket. Difor har vi desse typetilfella:
(1) Dersom fisjon vart fullført før september 2019, har fisjon ingen konsekvens. Dei fisjonerte føretaka har sjølvstendig omsetnad i alle samanlikningsperiodar som følgjer og kjem inn under ordninga.
(2) Dersom fisjon vart fullført mellom 1. september og 31. desember 2019, har føretaka ikkje nokon relevant samanlikningsperiode i 2019 sidan dei i delar av perioden var del av eit større selskap. Etter forskrifta kan desse føretaka søkje som om dei var nyetablerte og nytte januar–februar 2020 som samanlikningsperiode.
(3) Dersom fisjon vart fullført i 2020, har føretaket ingen fullgod samanlikningsperiode før pandemien. Ein er difor etter gjeldande regelverk avskoren frå å søkje.
Eit viktig unntak frå regelen som avskjerer tilskot til føretak som har fisjonert 1. januar 2020 eller seinare, gjeld for konserninterne fisjonar. Dersom konsernet vel å søkje samla for den norske delen av konsernet, kan konsernet søkje sjølv om konsernselskapa har vore involvert i konserninterne fisjoner 1. januar 2020 eller seinare. Slike fisjonar vil ikkje gjere at samanlikningsgrunnlaget ved berekning av omsetnadsfall blir ueigna, når ein reknar omsetnadsfall på konsernnivå. Unntaket for konserninterne fisjonar kjem fram i ei avklaring om reglane på nettsida kompensasjonsordning.no.
Representanten Holen Bjørdal har rett i at det synest strengt at ein fisjon som er forretningsmessig begrunna og gjennomført før 12.3.2020, til dømes for å avgrense risiko mellom verksemdsområde, skal vere grunn nok til å avskjere eit føretak frå tilskotsordninga når vilkåra elles er oppfylte. Departementet er difor i gong med å vurdere om det er mogleg å gjere endringar i dette regelverket.