Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2138 (2020-2021)
Innlevert: 06.05.2021
Sendt: 06.05.2021
Svart på: 10.05.2021 av samferdselsminister Knut Arild Hareide

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden sørge for at planmidlane blir brukt som Stortinget sin intensjon var gjerne av Nye vegar?

Grunngiving

I statsbudsjettet for 2021 forhandla Frp inn 15 millionar øyremerkt til planmidlar på rv 13, strekningen Kyrkjenes-Bjotveit. Dette vart gjort for å sikre ei prioritering av planarbeidet for denne problemstrekninga, slik at planprossessen ikkje vart eit hinder i høve utbetring av vegen. Utbyggingsansvaret er i komande NTP foreslått overført til Nye Veier AS. Statens vegvesen vil no omdisponere planmidlane til kortsiktige tiltak på vegen, før NTP er formelt vedteken. For FrP er det viktig å få gjort noko skikkelig med vegen framfor småklatting.

Knut Arild Hareide (KrF)

Svar

Knut Arild Hareide: I stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2022-2033 som blei lagt fram 19. mars, er det foreslått at fleire riksvegar blir overførte frå Statens vegvesen til Nye Veier AS. Strekninga Skare-Sogndal på rv. 13 er ein av vegane som er foreslått overført til Nye Veier, og delstrekninga Kyrkjeneset-Bjotveit, ligg på denne vegen.
Eg legg til grunn at midlane vil bli brukt i tråd med Stortinget sin intensjon. Samferdsels-departementet vil i samråd med dei to verksemdene avklare grensene for ansvaret på dei overførte vegane nærmare, under dette også ansvaret for planarbeidet.