Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til forsvarsministeren

Dokument nr. 15:2844 (2020-2021)
Innlevert: 20.08.2021
Sendt: 23.08.2021
Svart på: 30.08.2021 av forsvarsminister Frank Bakke-Jensen

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Kan statsråden gjere greie for kor stor kostnaden for auka grensekontroll har vore for Forsvaret?

Frank Bakke-Jensen (H)

Svar

Frank Bakke-Jensen: Kostnader for Forsvaret til grensekontroll, utøvd av Heimevernet, utgjorde i 2020 om lag 67 mill. kroner. 35 mill. kroner vart finansiert som ei ekstraløyving i revidert nasjonalbudsjett for 2020, 11 mill. kroner vart fakturert politiet, og 21 mill. kroner vart finansiert av den ordinære løyvinga til Heimevernet.

I 2021 estimerer Forsvaret ein totalkostnad på om lag 274 mill. kroner. På noverande tidspunkt er det rekneskapsført 140 mill. kroner til grensebistand. Prognostiserte meirkostnader er 134 mill. kroner ut året om oppdragsløysinga held fram. Det vert lagt til grunn at meirkostnadene vert fakturert politiet i tråd med bistandsinstruksen.