Skriftleg spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til finansministeren

Dokument nr. 15:2854 (2020-2021)
Innlevert: 22.08.2021
Sendt: 23.08.2021
Svart på: 31.08.2021 av finansminister Jan Tore Sanner

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Spørsmål

Sigbjørn Gjelsvik (Sp): I eit framlegg frå EU-kommisjonen datert 20. juli 2021 vert det føreslått å opprette det som synest å skulle verte eit nytt EU-byrå som skal arbeide mot kvitvasking og terrorfinansiering (AML/CFT).
Kva for prinsipielle og praktiske konsekvensar vil framlegget kunne få for Noreg, og kan statsråden garantere at Noreg ikkje vil avstå suverenitet til det nye organet?

Grunngiving

EU-kommisjonen presenterte 7. mai 2020 ein handlingsplan i seks punkt mot kvitvasking og terrorfinansiering. Punkt 3 og 4 i denne planen inneber høvesvis overvaking av kvitvasking og terrorfinansiering på EU-nivå og skiping av ein støtte- og samarbeidsmekanisme for einingar for finansiell etterretning. I eit framlegg datert 20. juli 2021 kan det synast som om kommisjonen meiner dette best kan oppnåast gjennom å opprette eit nytt byrå med vide fullmakter, som også skal vere sektorovergripande, ifylgje ordlyden. Ut frå teksten i framlegget kan det vere grunn til å frykte at det for Noreg sin del kan vere slik at iallfall eininga for finansiell etterretning (EFE) i Økokrim kan kunne kome under kontroll av eit potensielt nytt EU-byrå. Slik teksten står kan det heller ikkje utelukkast at det kan ha vidare implikasjonar for Økokrim eller andre norske statsorgan. Økokrim er del av norsk politi, men eg er kjend med at Finansdepartementet har fått ansvar for å fylgje opp dette konkrete framlegget frå EU-kommisjonen.

Jan Tore Sanner (H)

Svar

Jan Tore Sanner: Kvitvasking og terrorfinansiering støttar opp om og mogleggjer alvorleg kriminalitet som kan representere trugslar mot samfunnet vårt.
For ein open økonomi som den norske, vil det nødvendigvis oppstå trugslar som stammar frå grensekryssande aktivitet.
I mange tilfelle vil grensekryssande utfordringar løysast betre og meir effektivt ved samarbeid over landegrensene.
Det inkluderer òg samarbeid for å førebyggje og motarbeida kvitvasking, terrorfinansiering og tilknytt kriminalitet.
Framlegget frå EU-kommisjonen 20. juli 2021 omfattar blant anna eit framlegg om å opprette eit nytt byrå for motarbeiding av kvitvasking og terrorfinansiering (Anti-Money Laundering Authority - heretter «AMLA»).
Framlegget frå Kommisjonen inneber at AMLA skal få ei vesentleg rolle i eit framtidig europeisk regime for motarbeiding av kvitvasking og terrorfinansiering.
Framlegget er del av ein samla pakke med framlegg på kvitvaskingsområde, som mellom anna òg omfattar ei ny forordning og eit nytt direktiv om motarbeiding av kvitvasking og terrorfinansiering som skal koma i staden for gjeldande kvitvaskingsdirektiv.
AMLA skal etter framlegga i pakken ha ei rekkje ulike funksjonar, oppgåver og fullmakter. Desse omfattar mellom anna følgjande:

- Generelle, sektorovergripande oppgåver:

• Identifisere og vurdere risiko for kvitvasking og terrorfinansiering i den indre marknaden.
• Identifisere og vurdere risiko samband med tredjeland sine regime for motarbeiding av kvitvasking og terrorfinansiering.
• Vedta retningslinjer og standardar på ulike område, for å bidra til samordning av praksis mellom styresmakter på tvers av landegrensene.

- Overfor private aktørar:

• Føre tilsyn med utvalde aktørar i finansiell sektor, valde ut etter kriterium knytte til risiko, typen og omfang av aktivitet samt grad av grensekryssande aktivitet.
• Etter omstenda kunne overta ansvaret for å føre tilsyn med andre aktørar i finansiell sektor for ein tidsavgrensa periode der nasjonale styresmakter ikkje gjennomfører tilstrekkeleg tilsyn. Avgjerd om å overføre ansvaret for tilsyn skal fattast av EU-kommisjonen.
• For å handtere tilsynsoppgåven verdt det foreslått at AMLA skal ha heimel til mellom anna å gjennomføre stadlege tilsyn, innhente dokument, gjennomføre intervjuar og vedta ulike typar forvaltningsmessige reaksjonar og sanksjonar, medrekna lovbrotsgebyr.

- Overfor nasjonale tilsynsstyresmakter:

• Innhente informasjon frå nasjonale tilsynsstyresmakter i både finansiell og ikkje-finansiell sektor om ulike delar av aktiviteten deira.
• Be nasjonale tilsynsstyresmakter for finansiell sektor om å undersøkje moglege brot på regelverk for motarbeiding av kvitvasking og terrorfinansiering og vurdere å vedta sanksjoner, eventuelt overta tilsynsansvaret som skildra over.
• Undersøkje tilfelle der nasjonale tilsynsstyresmakter for ikkje-finansiell sektor tilsynelatande ikkje har følgt relevante EU-reglar om å gjennomføre tilsyn og gi tilrådingar om tiltak. Blir ikkje tilrådingane følgde opp, kan EU-kommisjonen i siste instans fatte bindande avgjerder om tiltak («formal opinion»).
• Gjennomføre evalueringar av innsatsen til dei nasjonale tilsynsstyresmaktene, medrekna utarbeide evalueringsrapportar med tilrådingar.
• Årleg innhente ulike opplysningar frå nasjonale tilsynsstyresmakter om innsatsen mot kvitvasking og terrorfinansiering.

- Overfor nasjonale einingar for finansiell etterretning:

• Leggje til rette for at dei gjennomfører felles analysar på tvers av landegrensene. Dersom ei eining avslår å delta, skal den forklare kvifor innan fem dagar.

AMLA er foreslått å ha to ulike vedtaksorgan, avhengig av sakstype. Nasjonale styresmakter blir representerte i eitt av dei. I vedtaksorganet med nasjonal representasjon vil sammensetjinga avhenge av saksfeltet (representantar for tilsynsstyresmakter eller einingar for finansiell etterretning).
Eg presiserer at ein førebels er på stadiet for framlegg, og det er for tidleg å seie korleis endelege løysingar i EU-systemet vil sjå ut. Det gjeld særleg framlegget om å opprette AMLA. Nøyaktig kva konsekvensar framlegga vil få for Noreg dersom dei aktuelle rettsaktene vert del av EØS-avtalen, vil måtte utgreiast nærare. Det er dermed òg for tidleg å seie noko om og i kva utstrekning ei eventuell innlemming av rettsaktene i EØS-avtalen vil føre med seg avståing av suverenitet.