Skriftleg spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til barne- og familieministeren

Dokument nr. 15:2862 (2020-2021)
Innlevert: 23.08.2021
Sendt: 23.08.2021
Svart på: 01.09.2021 av barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad

Helge André Njåstad (FrP)

Spørsmål

Helge André Njåstad (FrP): Vil statsråden finne ei løysing slik at også Moster gamle kyrkje kan inngå i ordninga med tilskott til mellomalder kyrkjer?

Grunngiving

NRK hadde i dag 23. august ei sak om kyrkja på Moster som fekk avslag hos Riksantikvaren på tilskotsordninga som kom som ein del av corona-aktivitetspakkane.
Den auka innsatsen (...) skal gjelde for alle kulturhistorisk viktige kyrkjebygg, uavhengig av eigarskapet, heiter det mellom anna i departementet sine eigne skriv.
I NRK saka framgår det som at det er Riksantikvaren som har innsnevra moglege prosjekt. Dette bør statsråden kunne gripe inn og bidra til å få løyst igjen.
Det er viktig at staten bidrar til markeringa av 1000 år sidan kristenretten vart innført i 2024. Det er gitt midlar til arrangementet, men FrP ynskjer også at det vært gitt midlar til kyrkja på Moster og til kulturbygg i Moster amfi så man har tidsriktige lokaler å ha markeringa i samt eit synleg symbol for ettertida etter jubileet på samme måte som for 1000 års markeringa av kristininga av Norge også på Moster.
Eg vonar difor at statsråden vil engasjere seg i dette og bidra til å få midlar til plass også til bygga.

Kjell Ingolf Ropstad (KrF)

Svar

Kjell Ingolf Ropstad: I åra 2019 – 2021 er det løyva 179 mill. kroner til kyrkjebygg på Barne- og familiedepartementet sitt budsjett. Midla er fordelte med 328 tilskot til 213 kyrkjer. Eit viktig arbeid for å ta vare på ein viktig del av landet sin kulturarv. Vi ser at denne styrkinga av kommunanes innsats for kyrkjebygga har stor verknad og virker til at gode prosjekt blir sett i gang.
Utlysinga frå Riksantikvaren i vår var den femte i utlysinga av tilskot frå Barne- og familiedepartementet på kap. 882, post 61 Tilskot til freda og verneverdige kyrkjebygg.
Kyrkjebygg som er kulturminne eller museumskyrkjer i privat eige kjem ikkje innanfor vilkåra i denne tilskotsordninga.
Moster gamle kyrke er ei av dei eldste og mest verdifulle kyrkjene, og ho er unik i norsk kulturminnesamanheng. Kyrkja er i ein særleg situasjon med at 1000-årsjubileet er allereie i 2024, og det er viktig å få sett i stand kyrkja til da. Eg har derfor sagt at Riksantikvaren skal handsame søknaden for Moster gamle kyrkje og de andre sju kyrkjene som det er søkt om middel til, men som altså ikkje er handsama tidlegare. Søknadsbeløpa er samla på 3 mill. kroner fordelt på åtte kyrkjer medrekna Moster gamle kyrkje, og vil kunne bli dekt ved dei midla som kom inn på budsjettet ved handsaminga av revidert nasjonalbudsjett for 2021.
Verdiane i Opplysningsvesenets fond (Ovf) skal delast mellom staten og Den norske kyrkja, og middel som svarar til staten sin del, skal brukast til kulturhistorisk viktige kyrkjer. Premissane i St. meld. nr. 29 (2018-2019) er at alle kulturhistorisk verdifulle kyrkjebygg skal bli omfatta, også dei som er eigde av private, stiftingar eller trus- og livssynssamfunn utanom Den norske kyrkja. Utviklinga av strategiar og program for bevaring i tråd med dette og med dei ulike anmodnigsvedtaka som omhandler kyrkjebygg, vil bli gjort i nært samarbeid med mellom anna andre andre departement, Den norske kyrkja og kulturmiljøstyresmaktene.