Skriftleg spørsmål fra Liv Signe Navarsete (Sp) til kultur- og likestillingsministeren

Dokument nr. 15:2955 (2020-2021)
Innlevert: 07.09.2021
Sendt: 07.09.2021
Svart på: 14.09.2021 av kultur- og likestillingsminister Abid Raja

Liv Signe Navarsete (Sp)

Spørsmål

Liv Signe Navarsete (Sp): Er statsråden samd i at det er viktig å realisere byggjinga av det planlagte verdensarvsenteret på Urnes slik at det kan opne som planlagd i 2024, og vil statsråden ta initiativ til å sikre den naudsynte statlige støtta for å realisere desse planane?

Grunngiving

Urnes stavkyrkje frå 1130 vart skriven inn på Unescos si verdsarvliste i 1979 som Noregs fyrste bidrag. Urnes verdsarvsenter vart autorisert av Miljødirektoratet i 2019, og planen er å ferdigstille bygget i 2024. I tråd med Meld. St. 16 (2019-2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken skal etableringa av verdsarvsenter ved dei åtte verdsarvsentra verte særleg prioritert.
Fortidsminneforeninga som eigar har fulgt opp autorisasjonen med eit ferdig formidlingskonsept, regulering og arkitektkonkurranse. Det vart ikkje løyvd pengar til arkitektkonkurranse over statsbudsjettet for 2021, og Luster kommune løyvde 700 000 kroner, medan ein privat givar donerte 600 000 slik at arbeidet kunne fortsette. Bygging er neste steg, men utan statlig støtte vil planane bli stansa og opning bli utsett på ubestemt tid. Kommunen og private har levert sin del, men det nødvendige statlege bidraget manglar.
Prosjektet er svært viktig for lokalt reiseliv og næringsliv. Med 20 000 solgte billettar og 40 000 besøkande til Ornes årlig er behovet og potensialet for utvikling stort. Ein bærekraftig turisme og vern av kyrkja forutset at straumen av besøkende vert møtt av eit moderne museum og besøkssenter, i dag mangler Urnes dette. Urnes skal vert utvikla til ein ressurs for lokalmiljøet gjennom samarbeid med lokalbefolkning og lokalt næringsliv.

Abid Raja (V)

Svar

Abid Raja: Søknaden fra Fortidsminneforeningen om statlig investeringstilskudd på 30 mill. kroner til realisering av nytt formidlingsbygg i tilknytning til Urnes stavkirke i Luster kommune, Vestland, er en av 34 søknader Kulturdepartementet har mottatt til posten Nasjonale kulturbygg i statsbudsjettet for 2022. Søknadene blir på vanlig måte underlagt en helhetlig vurdering som ledd i Kulturdepartementets arbeid med å forberede kommende års budsjettproposisjon.