Skriftleg spørsmål fra Gisle Meininger Saudland (FrP) til arbeids- og inkluderingsministeren

Dokument nr. 15:47 (2021-2022)
Innlevert: 14.10.2021
Sendt: 15.10.2021
Svart på: 22.10.2021 av arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik

Gisle Meininger Saudland (FrP)

Spørsmål

Gisle Meininger Saudland (FrP): Hva slags myndighet skal flyttes til førstelinja i NAV?

Grunngiving

Den nye regjeringen skriver i plattformen at de vil «Bygge styringen av NAV på tillit til de ansattes kompetanse og delegere mer myndighet til førstelinja». Plattformen beskriver ikke hva dette innebærer og undertegnede er nysgjerrig på hva slags myndighet som skal flyttes til førstelinja og hva det vil si for brukerne av tjenestene NAV har i dag.

Hadia Tajik (A)

Svar

Hadia Tajik: Arbeids- og velferdsetaten er ein av berebjelkane i den norske velferdsstaten, med eit omfattande og komplekst samfunnsoppdrag. Regjeringa er oppteken av at etaten skal kunne gi ei samla oppfølging av brukarar med ulike og ofte samansette behov.
I Hurdalsplattforma har regjeringa vore tydelege på at styringa av NAV skal bygge på tillit til dei tilsette si kompetanse og at meir mynde skal verte delegert til førstelinja.
Når det gjeld representanten sitt spørsmål om NAV-kontoret si innretning og mynde, må eg kome tilbake til det når eg har fått høve til å vurdere det nærare. Representanten er truleg og kjent med at dette er ei regjering som har varsla ein nærare dialog med partane i arbeidslivet og at medarbeidarane skal få meir å seie i utforminga av eigen arbeidskvardag.