Skriftleg spørsmål fra Birgit Oline Kjerstad (SV) til næringsministeren

Dokument nr. 15:2925 (2021-2022)
Innlevert: 17.09.2022
Sendt: 19.09.2022
Svart på: 27.09.2022 av næringsminister Jan Christian Vestre

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Senderbygget til Ålesund kringkaster på øya Vigra i Giske kommune, er knytt til sentrale hendingar i Norsk krigs, fiskeri og tele historie. Bygget står no til alvorleg forfall på grunn av nedstenging og manglande vedlikehald.
Kva vil statsråden som representant for majoritetseigaren av selskapet som forvaltar bygget gjere for at ikkje bygget og den rike historia det hyser går tapt for alltid?

Grunngiving

I heile Midt-Norge er det berre Vigra Kringkastar og ei radiolinje-mast i Rørvik i Trøndelag av større verneobjekt som framleis står på Telenor sin verneplan i tillegg til om lag 10 raude telefonkioskar.
I 1925 fekk Kringkastingsselskapet AS i Oslo den første konsesjonen for privat kringkasting i Norge. Samtidig vart det utført pioner – kringkasting i Ålesund. Den teleeigde Ålesund-sendaren fekk konsesjon i februar 1927. Ålesund Kringkastingsselskap AS var den gongen eitt av 4 private selskap og det 3. største i landet.
Bakgrunnen for pionerarbeidet var det svært store behovet for kommunikasjon mellom land og fiskeflåten på fiskefelta utanfor Mørekysten. Dei to første telefonane og den første kystradio-sendaren for radiotelefoni til fiskeflåten vart starta opp ved bruk av denne sendaren. Ålesund Kringkastingselskap AS fekk konsesjon for privat kringkasting frå denne sendaren frå februar 1927 til november 1935, då Vigra Kringkastar tok over som kringkastar.
Rekkevidda og den store styrken på Vigra sendaren, gjorde at sendaren fekk ei svært viktige nasjonal rolle som Norge sitt viktigaste militære samband 12.-15. april, 1940. Telenor AS har hovudansvaret for telekommunikasjonshistoria knytt til Vigra Kringkastar. Staten eig 54% av Telenor og 100% av NRK, og regjeringa har gjennom den statlege eigarskapen eit hovudansvar for å ta vare på dette kulturminnet.
Norkring/Telenor fekk rivingsløyve for Vigra kringkaster i april 2018. Fylkeskonservatoren i MR fylke brukte fullmakta si til midlertidig freding av sendarbygget i juli 2018. Norkring/Telenor og grunneigaren klaga til miljøverndepartementet på midlertidig freding. Departementet avviste klagen i januar 2020. Telemuseet har blitt ein del av Norsk Teknisk Museum i Oslo 1.1.18. Norkring AS er oppløyst som eige selskap. Sendarbygget står framleis på Telenor sin verneplan. Telenor Norge AS og har det økonomiske ansvaret for Telenor sin verneplan. Telenor sitt eigedomsselskap, Telenor Infra AS, har no teke over ansvaret for sendarbygget. Selskapet har stengt av vatn og straum og veneforeininga får ikkje lenger føre tilsyn tross for at dei hadde ein avtale med Norkring AS om nøkkel og tilsyn med sendarbygget. Særleg vinteren 21/22 har mangel på varme, lufting og tilsyn ført til unødvendige skader på bygninga.

Jan Christian Vestre (A)

Svar

Jan Christian Vestre: La meg starte med å takke representanten Kjerstad, som rettar merksemd mot eit viktig tema som norsk kulturhistorie. Etter det eg forstår er dette ei sak som skaper eit betydeleg engasjement lokalt. Det har eg forståing for, mellom anna med bakgrunn i dei forholda som det blir peika på i spørsmålet.
Eigarskapet til staten, medrekna Telenor, blir utøvd i tråd med rollefordelinga i selskapslovgivinga og anerkjende prinsipp for eigarstyring og selskapsleiing, og i samsvar med rammene som kjem fram av eigarskapmeldinga.
Det er Telenors styre og leiing som har ansvaret for drifta av selskapet, inkludert dei operative disposisjonane til selskapet og prioriteringar. Det inneber at det er selskapet, og ikkje departementet, som majoritetseigar i Telenor, som må vurdere og vedta korleis denne saka best kan handterast.
Departementet har vore i kontakt med Telenor om saka. Telenor opplyser mellom anna at basert på konstruksjonen til bygget, kvalitetar og tilstand, avventar selskapet ei endeleg avklaring på den framtidige situasjonen for bygget, ein prosess som er driven av Fylkeskonservatoren. Telenor opplyser vidare at representantane til selskapet er i kontakt både med Møre og Romsdal fylkeskonservator og representantar for Giske og Ålesund kommunar om saka. Eit møte vart gjennomført 2. juni i år, og eit nytt møte med fylkeskonservatoren er fastsett til 20. oktober 2022.