Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3016 (2021-2022)
Innlevert: 27.09.2022
Sendt: 28.09.2022
Svart på: 03.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Vil samferdselsministeren sørge for at ferjeprisane vert reelt halvert ved å løyve tilstrekkeleg med midlar i kommande statsbudsjett?

Grunngiving

Arbeidarpartiet i Møre og Romsdal gjekk til valg på å halvere ferjeprisane. Så langt har ferjeprisane kun blitt redusert med om lag 11 %, og mange forventar at regjeringa og Arbeidarpartiet innfrir dette valgløftet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Svar på spørsmålet vil gå fram av budsjettframlegget for 2023, som vert lagt fram 6. oktober i år.
I grunngjevinga for spørsmålet vert det sett fram ein påstand frå representanten om at ferjeprisane berre er reduserte med 11 pst. så langt. For ordens skuld minner eg om at ferjetakstane i 2022 er reduserte med 30 pst. for den reisande jamført med takstane 1. januar 2021. Dette er datoen som er referansepunktet for arbeidet med å redusera ferjetakstar.