Skriftleg spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:3017 (2021-2022)
Innlevert: 27.09.2022
Sendt: 28.09.2022
Svart på: 05.10.2022 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Har samferdselsministeren tenkt til å "ofre" transport, bygg og anleggsbransjen i heile Norge, og der samferdselssektoren og heilt nødvendig infrastrukturutbygging skal ta støyten for regjeringa si satsing på "greinalause" klima og miljø symbolpolitiske saker?

Grunngiving

Regjeringa varslar betydelege kutt og nedeskalering av store samferdselsprosjekt i samband med framlegging av statsbudsjettet. Dette er signalisert på inn og utpust av regjeringa sine medlemmar og frå regjeringspartia i lang tid.
Situasjonen for transport, bygg og anleggsbransjen er dramatisk der desse næringane står i "kneståande" med bakgrunn i dei skyhøge drivstoffutgiftene samt generell kraftig auke i bygg og anleggskostnadar. Prosjekt blir utsatt og det er mange områder i landet som innan kort tid har lite eller få nye prosjekt som vert lyst ut.
Tusenvis av arbeidsplassar står i fare og spesielt i distrikta. Samtidig høyrer vi at regjeringa har tenkt å fortsette med si satsing på dårlege klima og miljø symbolpolitiske saker som til dømes elektrifisering av sokkelen til mange titals milliard kr.
Dersom det er tenkt å nedeskalere og kraftig begrense viktige samferdselsprosjekt, er dette også kutt i viktige infrastrukturutbyggingar for framtida, som er heilt nødvendige for å kunne fortsette ei positiv næringsutvikling i heile landet.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Meld. St. 20 (2020–2021) Nasjonal transportplan 2022–2033 (NTP) blei det lagt opp til ei gradvis innfasing av ressursane i planen. Ressursbruken i det einskilde budsjettår vil bli tilpassa det samla økonomiske opplegget i statsbudsjettet, innafor rammene som følgjer av handlingsregelen og tilstanden i norsk økonomi. Det heiter også at endringar i det budsjettmessige handlingsrommet framover vil kunne påverke innfasing og gjennomføring av planen. Vi ser no kvifor dette er ein viktig premiss i NTP og det er derfor eg har sagt at vi må sjå på prioriteringane på nytt, også innafor samferdselssektoren.
Regjeringa si samla prioriteringar for 2023 vil gå fram av framlegget til statsbudsjett 6. oktober 2022. Mitt konstitusjonelle ansvar er for samferdslepolitikken, og spørsmål om prioriteringar på andre område må rettast til aktuell statsråd.