Skriftleg spørsmål fra Lars Haltbrekken (SV) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:883 (2022-2023)
Innlevert: 05.01.2023
Sendt: 05.01.2023
Svart på: 13.01.2023 av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik

Lars Haltbrekken (SV)

Spørsmål

Lars Haltbrekken (SV): Hva er bakgrunnen for fordelingen av nedtrekket i rammetilskudd til kommuner og fylkeskommuner med konsesjonskraft?

Grunngiving

En enstemmig kommunalkomite vedtok å fordele 2,2 mrd. fra kommuner med høye kraftinntekter og 800 millioner fra fylkeskommuner med høye kraftinntekter. I forslaget til budsjett ble dette anslått til å være tilnærmet likt en tredjedel av de totale inntektene fra konsesjonskraften i kommunen. Når den konkrete fordelingen ble fremlagt 22. desember er det mye som tyder på at enkelte kommuner har blitt trukket over dette.

Sigbjørn Gjelsvik (Sp)

Svar

Sigbjørn Gjelsvik: Stortinget vedtok ved handsaminga av statsbudsjettet for 2023 eit eittårig trekk i rammetilskotet på til saman 3 mrd. kroner frå kommunar og fylkeskommunar med inntekter frå konsesjonskraft seld i områda med høgast prisar (NO 1, NO 2 og NO 5).
I statsbudsjettet anslo regjeringa verdien av konsesjonskrafta i områda med høge straumprisar til om lag 13 mrd. kroner i 2022 og 11 mrd. kroner i 2023, opp frå 4 mrd. kroner i 2021. Dette er teoretiske anslag basert på at all konsesjonskraft i desse områda vert seld til spotpris. Trekket svara altså til under ein tredel av denne anslegne teoretiske verdien for alle dei berørte kommunane og fylka i sum. Regjeringa har heile tida vore tydeleg på at dei faktiske inntektene kommunane kan realisere vil vere noko anna enn denne teoretiske verdien, blant anna som følge av fastprisavtaler eller anna disponering. I statsbudsjettet heitte det blant anna at «kor mykje av den auka verdien som blir realisert i form av auka inntekt i den enkelte kommune og fylkeskommune er samtidig usikkert. Korleis krafta blir disponert og til kva pris den eventuelt blir selt, varierer betydeleg mellom kommunar og fylkeskommunar. Det finst inga samla oversikt over dette». Regjeringa har vore oppteken av at bidraget som den enkelte kommune og fylkeskommune skal gje attende til fellesskapet, skal stå i eit rimeleg forhold til dei faktiske inntektene som kan realiserast. Regjeringa ga derfor kommunane og fylkeskommunane høve til å rapportere inn til departementet innan 1. desember 2022 korleis konsesjonskrafta var disponert.
På bakgrunn av dei innrapporterte opplysningane fastsette departementet fordelinga av trekket. Trekket blei satt ut frå den enkelte kommunes og fylkeskommune sin anslegne verdi av konsesjonskrafta i 2023. I verdsetjinga blei det teke omsyn til inngåtte fastprisavtaler og lokale vedtak om subsidiert straum til innbyggjarar og næringsliv fatta før trekket blei kjent. Den øvrige konsesjonskrafta blei verdsett til 200 øre/kWh i 2023, som var lågare enn prisforventningane for dei tre aktuelle prissonene som låg føre då grunnlaget for trekket vart sett i desember 2022. Ut frå dette berekna departementet ein gjennomsnittspris for kvar kommune og fylkeskommune. Departementet så vidare hen til innslagspunktet for høgprisbidraget frå kraftprodusentane på sal av kraft til ein pris over 70 øre/kWh. I tråd med dette tok fordelinga av trekket utgangspunkt i at det er forventa inntekter over 70 øre/kWh som inngår i grunnlaget for trekket til den enkelte kommunen og fylkeskommunen.
Trekket for den enkelte kommunen vil svare til i underkant av 93 prosent av verdien utover 70 øre/kWh, gitt ein forventa spotpris for 2023 på 200 øre/kWh. For fylkeskommunane vil trekket svare til om lag 95 prosent av verdien utover 70 øre/kWh. Kommunar som på grunn av innrapporterte opplysningar om inngåtte fastprisavtaler e.l., ikkje kan realisere ei bruttoinntekt over 70 øre/kWh, blir dermed heller ikkje trekte i rammetilskot. Kommunar som er berekna å kunne realisere ei bruttoinntekt på til dømes 80 øre/kWh, vil bli trekt for i underkant av 12 prosent av desse berekna inntektene, medan kommunar som er berekna å kunne realisere ei bruttoinntekt på 200 øre/kWh vil bli trekt om lag 60 prosent.
Etter at trekket blei gjort kjent, har både spotprisane og terminprisane for resten av 2023 gått ned. Gitt dei spotprisar og terminprisar for 2023 som vi ser i desse dagar, så er føresetnadane som trekket bygger på vesentleg endra.
Regjeringa har ved fleire høve sidan ordninga blei gjort kjent understreka at vi vil følge situasjonen og kome attende til saka om nødvendig, dersom til dømes prisane skulle utvikle seg annleis enn anslege.