Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2392 (2022-2023)
Innlevert: 30.05.2023
Sendt: 31.05.2023
Svart på: 07.06.2023 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Er det ønskeleg at markeringar i vegbana som viser kor syklistar skal krysse bilveg vert fjerna i tilfelle svikt ved lyssignal?

Grunngiving

I Bergens Tidende 30. mai kan vi lese at Statens Vegvesen vil fjerne markeringar for sykkelkryssing (så kalla "sukkerbitar") ved tre ulike punkt i Bergen sentrum. Slike markeringar viser kor syklistar kan krysse vegbana. I vedtaket skriv Statens vegvesen at slike markeringar "kan gi usikkerhet om vikepliktsforhold i tilfelle lyssignal for syklister er i ustand", og ein talsperson for SVV uttalar til BT at slik merking "ikke skal brukes der syklister har vikeplikt". Vedkomande seier vidare at det "ble gjort feil" då vegen vart merka. Så vidt underteikna kjenner til var slik merking tvert imot norma på merkingstidspunktet, men så har vegnormalen for merking nylig blitt endra.
Spørsmålet er om vedtaket frå SVV om den konkrete vegmerkinga i Bergen er i tråd med sentrale retningsliner på området, og om regjeringa meiner det er ønskeleg at det ikkje skal markerast i vegbana kor syklistar kan krysse bilveg på lyssignal.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Det er viktig å leggje til rette for sykling, og gjennom vegoppmerking, men det må skje på en trygg måte og ikkje skape uvisse om kva reglar som gjeld.
Vegoppmerking «1026 Sykkelkryssing» markerer kryssingsstad for syklande og blir nytta der syklistar har forkøyrsrett gjennom kryss.
I samsvar med Vegnormal N302 Vegoppmerking skal denne oppmerkinga ikkje nyttast der syklande har vikeplikt. Årsaka til dette er at slik bruk av oppmerking kan føre til uvisse rundt kven som har vikeplikt, noko som kan resultere i farlege situasjonar og trafikkulykker. Når eit signalanlegg er ute av drift, vil ordinære vikepliktreglar gjelde. I slike tilfelle vil det vere feil å bruke vegoppmerking «1026 Sykkelkryssing» viss syklisten ikkje har forkøyrsrett. Det er der-for riktig å fjerne vegoppmerking frå kryss der syklisten ikkje har forkøyrsrett; slik det blir gjort i Bergen.
Statens vegvesen opplyser at regelverket for denne oppmerkinga ikkje har vore endra dei siste 20 åra.