Skriftleg spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til landbruks- og matministeren

Dokument nr. 15:2482 (2022-2023)
Innlevert: 09.06.2023
Sendt: 09.06.2023
Svart på: 16.06.2023 av landbruks- og matminister Sandra Borch

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Korleis vil det faktum at metangassutslepp frå jordbruket er endå meir skadelege for klimaet enn tidlegare lagt til grunn påverke statsråden sitt arbeid med å få ned utsleppa frå sektoren?

Grunngiving

8. juni d.å. publiserte Statistisk sentralbyrå den førebelse statistikken om utslepp av klimagassar for 2022. I den nye statistikken legg ein til grunn oppdatert metodikk for å rekne om ulike klimagassar til CO₂-ekvivalentar. Med den oppdaterte metodikken, som følgjer av IPPC sin femte hovudrapport etter Paris-avtalen, får ein eit betre fagleg grunnlag for å samanlikne ulike klimagassar sitt skadepotensiale for det globale klimaet.
Med den nye metodikken blir eitt tonn metan rekna om til 28 tonn CO₂-ekvivalentar (mot tidlegare 25 tonn). Dette gjer at jordbrukssektoren, der metangass er den viktigaste utsleppskjelda, aukar sin andel av dei totale klimagassutsleppa i Noreg.
Allereie no ligg ein langt bak å vere i rute til å kutte klimagassutsleppa frå jordbruket i tråd med målet fastsatt i klimaavtalen mellom regjeringa og jordbruksorganisasjonane. Den nye fagmetodikken understrekar ytterlegare kor viktig det er for Noreg sine samla klimagassutslepp at ein raskt får ned utsleppa frå jordbruket. Spørsmålet er om regjeringa har tenkt å foreta seg noko for å få opp tempoet i utsleppsreduksjonane, og i tilfelle kva.

Sandra Borch (Sp)

Svar

Sandra Borch:

Svaret i pdf-format