Spørjetimespørsmål m.m.

Liste over munnlege spørsmål og spørjetimespørsmål frå representantane til statsrådane, spørsmål til presidentskapet og spørsmål ved slutten av møtet.

Avgrens utvalet

Finn spørjetimespørsmål etter

Elvik, Åsa (1 - 14 av 14)

  • Munnleg spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeri- og kystministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 10.11.2004

    Svart på: 10.11.2004 av fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen

    Om å få kartlagt konsekvensane av klimaendringar for norsk fiskerinæring, på bakgrunn av ein rapport som viser at dei skjer dobbelt så fort i Arktis som elles og påverkar dei marine økosystema
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til landbruks- og matministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 07.10.2004

    Spørsmålet er trekt tilbake

    Fylkesmannen i Nordland har vedteke å flytte landbruksavdelinga i Mosjøen til Bodø. I svaret sitt til mitt skriftlege spørsmål nr. 904 skriv statsråd Morten Andreas Meyer at denne organisasjonsendringa ligg innanfor fylkesmannen i Nordland sitt myndigheitsområde. Aksepterer statsråden at fylkesmannen kan gjere denne organisatoriske endringa i motstrid til vedtak fatta av Landbruksdepartementet i 1994 om at eit avdelingskontor av Landbruksavdelinga med jord- og skogfagleg kompetanse skal liggje i Mosjøen?
  • Munnleg spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 25.02.2004

    Svart på: 25.02.2004 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om at Økokrim sin tipstelefon ikkje ser ut til å fungere like godt som Fiskeridirektoratet sin såkalla fiskefusktelefon gjorde, som fiskeriministeren la ned
  • Munnleg spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 21.05.2003

    Svart på: 21.05.2003 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om kva for strategi statsråden har for å motverke eit dårleg rykte for norsk-arktisk torsk i den internasjonale marknaden pga. at vi set kvoten høgare enn det forskarane anbefaler
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 07.11.2002

    Svart på: 13.11.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om konkursen ved Myre Fiskeindustri AS og tiltak for at trålarane skal halde fram å levere i Øksnes, og at industriverksemda skal halde fram
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 31.10.2002

    Svart på: 06.11.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om korfor statsråden er usamd i fiskeridirektøren si uttaling om at dei føreslåtte driftsordningane i kystflåten inneber omsetjelege kvotar
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 10.10.2002

    Spørsmålet er trekt tilbake

    Fiskeridirektøren uttaler i høyringsfråsegna si til dei føreslåtte driftsordningane i kystflåten at desse "vil i praksis kunne fungere som omsettelige kvoter ... Innføring av omsettelige kvoter i en eller annen form vil kunne ha utilsiktede konsekvenser både geografisk og med hensyn til flåtestruktur". Fiskeriministeren avviser i eit intervju med Bladet Vesterålen den 10. august at forslaget inneber omsettelege kvotar. Korfor er statsråden og fiskeridirektøren usamde om dette?
  • Munnleg spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 24.04.2002

    Svart på: 24.04.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om å ta Stortinget med på råd i samband med forhandlingane i den norsk-russiske fiskerikommisjonen, då torskekvoten dei siste åra har vore dobbelt så høg som forskarane har tilrådd
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til helseministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 18.04.2002

    Sett fram av: Geir-Ketil Hansen (SV)

    Svart på: 08.05.2002 av helseminister Dagfinn Høybråten

    Om at styret i Hålogalandssykehuset har vedteke å stenge fødeavdelingane ved Stokmarknes, Narvik og Harstad sykehus i fire veker sommaren 2002 for å spare pengar
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til utenriksministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 21.02.2002

    Svart på: 27.02.2002 av utenriksminister Jan Petersen

    Om korleis Noreg vil stille seg til usemja i WTO-systemet om tolkinga av ministererklæringa frå Doha av 14.11.01 med omsyn til ny forhandlingsrunde
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 17.01.2002

    Svart på: 23.01.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om ev. endringar i leveringsplikta for trålarane, og om inntil vidare å følgje opp leveringsforpliktingane som gjeld i dag
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 10.01.2002

    Svart på: 16.01.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om kvalifisering til fiske på sild
  • Munnleg spørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Munnleg spørsmål

    Datert: 09.01.2002

    Svart på: 09.01.2002 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om ryggdekning i Stortinget for ei lovendring som avviklar allmenningen i praksis, då folk langs kysten anten må arve ein kvote eller kjøpe konsesjon for å få lov til å fiske
  • Spørjetimespørsmål fra Åsa Elvik (SV) til fiskeriministeren

    Spørjetimespørsmål

    Datert: 08.11.2001

    Svart på: 14.11.2001 av fiskeriminister Svein Ludvigsen

    Om å gjere den norske kvoteforhandlingsposisjonen i den norsk-russiske fiskerikommisjonen kjend på førehand i framtida