Spørjetimespørsmål fra Leiv Blakset (Sp) til fiskeriministeren

Datert: 15.11.1990
Svart på: 21.11.1990 av fiskeriminister Oddrunn Pettersen

Leiv Blakset (Sp)

Spørsmål

Leiv Blakset (Sp): "I forskriftene vedkomande likviditetslån til fiskeflåten i 1989 var det opna for at det kunne ytast lån til banklinefartøy. Forskriftene for 1990 er utforma slik at banklineflåten er utestengd frå ordninga. Mange av desse båtane har økonomiske problem.
Kva er grunngjevinga for denne endringa, og kva vil statsråden gjere for å rette opp denne forskjellsbehandlinga?"